Hopp til innhold

Torvund-Teigen opnar 10. desember

Den 10. desember får trafikantane på E39 mellom Vadheim og Lavik ta i bruk den nye vegstrekninga mellom Torvund og Teigen.

Prosjektleiar Sverre Måge

SNART FERDIG: Prosjektleiar Sverre Måge.

Foto: Ole Kristian Åset / Statens vegvesen

Det opplyser prosjektleiar Sverre Måge i Statens vegvesen.

Dermed kan dei som køyrer mykje denne strekninga sjå fram til å sleppe den smale og kronglete vegen over Torvundhovden. Vegen blir nesten ein kilometer kortare enn dagens veg.

Flotte steinmurar

Den nye vegstrekninga er om lag fem kilometer lang, av dette er 2,5 kilometer tunnel. Prosjektleiar Sverre Måge er stolt over bruken av steinmurar. Når anlegget er heilt ferdig er i alt 700 lastebillass med stein frakta frå Myrmel og Nordfjord.

Det har resultert i 8000 kvadratmeter med steinmur, nokre stader er steinmurane åtte-ti meter høge, og fleire stader er det murt i fleire etasjar oppove skråningane.

(Artikkelen held fram under biletet).

E39 Torvund-Teigen ved Norevik - steinmurar

FINE STEINMURAR: Her ved Norevik finn du att stein frå Myrmel og frå Nordfjord.

Foto: Ole Kristian Åset / Statens vegvesen

– Folk har vore tålmodige

Anleggsarbeidet starta i august 2010, og det har til tider vore til hinder for trafikken på E39. Måge gir ros til trafikantane.

– Dei har teke det fint gjennom heile anleggsperioden, og det har vore lite eller ikkje klager frå trafikantane. Folk har vore veldig tålmodige.

(Artikkelen held fram under biletet).

E39 ved Norevik - anleggsarbeid

SNART SLUTT PÅ DETTE: Trafikken har til tider gått tregt gjennom anleggsområdet.

Foto: Ole Kristian Åset / Statens vegvesen

Det einaste som står att når vegen blir opna 10. desember er tilsåing av nokre vegskråningar, seier prosjektleiar Sverre Måge.

– Det må vi ta til våren når det blir temperatur til det.

Det er Veidekke Entreprenør AS som har hatt arbeidet med veg i dagen, medan OneCo Veidrift AS har stått for tunneldrifta. Vegen var i 2011 kostnadsrekna til 371 millionar kroner.

Ved Torvund

GAMLEVEGEN: Slike møte slepp tungtransporten etter 14. desember.

Foto: Ottar Starheim/NRK