Hopp til innhold

Torturerte på det grovaste - vart benåda

Tyskaren Helmut Klötzer unngjekk så vidt dødsstraff etter å ha torturert ei rekkje motstandsfolk på det grovaste. I staden vart han benåda etter berre fem år i fengsel. Gestapo var verre på Vestlandet enn endre stader, meiner historikar.

Helmut Klötzer

TORTURISTEN FANGA: Biletet er frå Høyanger i mai 1945. Her vert den tyske gestapo-sjefen i Høyanger, Helmuth Klötzer ført bort, godt vakta av heimefront-soldatar. Vaktene har på seg uniformane til arbeidstenesta, i tillegg har dei armbind påmåla det norske flagget.

I Riksarkivet har NRK fått tilgang til politidokument og sjølve dommen mot Helmut Klötzer. Dette er ein rystande dokumentasjon på ein råbarka torturist som tok alle middel i bruk for å prøve å stoppe det norske motstandsarbeidet.

Helmut Kløtzer

LYNSJESTEMNING: Torturisten Helmut Klötzer då han vart ført i land på kaia i Høyanger. Tyskaren var så forhatt at væpna folk frå heimestyrkane måtte passe på at han ikkje vart angripen av bygdefolket.

Foto: Fylkesarkivet / Fylkesarkivet

Mange meinte dødsstraff ville vere det einaste rette for den hata torturisten, men fleirtalet i retten valde i staden å dømme tyskaren til livsvarig tvangsarbeid. Då nederlaget var eit faktum i mai 1945, prøvde Klötzer å kome seg unna. Truleg var han på veg til Førde for å kamuflere seg mellom vanlege tyske soldatar der då han vart arrestert ved Sande i Gaular.

15 utlendingar dømde til døden

Etter berre fem år vart Klötzer imidlertid benåda, og han kunne som fri mann reise attende til Tyskland på byrjinga av 1950-talet. I alt vart 15 utlendingar, dei fleste tyskarar, dømde til døden for krigsbrotsverk i Norge.

66 utlendingar vart dømde til fengselsstraff for krigsbrotsverk. Til samanlikning vart 30 nordmenn dømde til døden. Nærare 20.000 nordmenn var dømde til fengsel for landssvik.

40 fortalde om tortur

I dokumenta vi har fått tilgang til fortel godt over 40 motstandsfolk om korleis dei vart mishandla på frykteleg vis av Klötzer og medhjelparane hans.

Helmut Kløtzer slapp for lett unna. Det er det ikkje tvil om.

Stein Ugelvik Larsen

I ei politiforklaring fortel ein motstandsmann i 60-åra frå Nordfjord om korleis han vart torturert i ei hytte i nærleiken av heimstaden sin: "Håndjernene ble satt på, og Klötzer kom straks frem med et tau. De satte frem en stol, og jeg fikk beskjed om å stige opp på stolen.

Helmut Kløtzer

Fotografiet syner arrestasjonen av den tyske gestaposjefen i Høyanger, Helmut Klötzer. Her vert han ført ut av sitt eige hovudkvarter og torturkammer, bedriftsmessa i Kloumanns Alle etter at heimestyrkane har teke han i arrest. Personane er i 1.rekkje fv. Halvdan Torvanger og Ese (frå Balestrand). 2.rekkje fv. Johs. Stedje, Helmut Klötzer og Hans Faleide.

Han slo hardt. Svært hardt. Det var en fryktelig lidelse.

Motstandsmann i 60-åra frå Nordfjord

Klötzer steg på en annen stol ved siden av meg, festet tauet i håndjernene og strammet tauet på en slik måte at jeg såvidt kunne nå stolen med tærne. Skulle jeg forsøke å benytte stolen, gjorde det så vondt i skuldrene. Så begynte de å slå meg med en kølle. Da de ikke fikk noe ut av meg, ble Klötzer rasende. Han slo meg på innsiden av lårene. Og han slo hardt. Svært hardt. Det var en fryktelig lidelse.

Det ble hentet frem en pistol fra ryggsekken og jeg fikk vite at jeg ville bli skutt. Jeg sa at skulle det så være, ville jeg i alle fall først ha et par minutter til å be til min Herre og Frelser. En norsk NS-mann sa "Å, for noe sludder. Vi har fem andre her som skal ekspederes på samme måte, så det må gå snart. Jeg forsøkte å be høyt og oppfattet det slik at nå var alt slutt. Da jeg var ferdig med bønnen, sa jeg at jeg var klar".

Det ble hentet frem en pistol fra ryggsekken og jeg fikk vite at jeg ville bli skutt. Jeg sa jeg først ville ha et par minutter til å be til min Herre og Frelser.

Motstandsmann i 60-åra frå Nordfjord

Berga livet

Då Klötzer ikkje greidde å få nordfjordingen til å røpe namna på andre motstandsfolk, diskuterte han med den norske NS-mannen kva dei skulle gjere. Skulle nordfjordingen skytast eller ikkje? Det enda med at pistolen vart teken vekk, og nordfjordingen vart i staden send vidare i fengsel.

Tortur frå morgon til kveld

Ei anna sak blir omtalt på denne måten i rettsdokumenta: "Forhøret varte fra kl 17 til kl 22 hvor motstandsmannen ustanselig ble slått med nevene i ansiktet. Etterpå ble han lagt på et bord og slått med gummikøller på ryggen, ned mot beina og i ansiktet. Motstandsmannen mistet bevisstheten flere ganger. Den same torturen skjedde fra morgen til kveld dagen etter". (Vi har bytt ut namnet på torturofferet med omgrepet "motstandsmannen".)

Gestapo

FRAKTA TIL ÅLESUND: Politimannen Olav Osnes i politiets battleuniform (nr. 1 fv), og ukjent politimann (nr. 11 fv), transporterer gestapofolk til Ålesund for internering i maidagene 1945.

Foto: Fylkesarkivet / Fylkesarkivet

Slått med trestokkar

Ein annan mann frå Sogn og Fjordane vart torturert på denne måten: "Motstandsmannen ble lenket med hendene på ryggen og heist opp under taket etter håndjernene. Slått med trestokker og gummikøller over hele kroppen. Motstandsmannen besvimte flere ganger. Klötzer gav ordrene".

Motstandsmannen ble slått med trestokker og gummikøller over hele kroppen. Han besvimte flere ganger. Klötzer gav ordrene".

Dokument i rettssaka mot Helmut Klötzer

Tok seg av spionar

På Staveneset i Askvoll oppretta engelske Secret Service i samarbeid med motstandsfolk postar der dei følgde med på skipstrafikken. Opplysningane vert sende

Oddny Hollevik

PROPAGANDABILETE: Etter arrestasjonen på Staveneset i 1945. To frå Fure står fremst på båten, så Oddny og Anton Hollevik, Georg Esswein og SS-mannen Helmut Klötzer. Biletet vart visstnok nytta til propagandaføremål i Tyskland.

Foto: Fylkesarkivet / Fylkesarkivet

vidare via radiosendar til England. Oddny og Anton Hollevik, som hadde overteke gardsdrifta på Staveneset, vart overtalde til å ta seg av spionane.

Eg var bakbunden og hang i eit tau som var festa i ein krok i taket. Klötzer var heilt svart i andletet av raseri. Han og ein annan tyskar slo vilt.

Oddny Hollevik

Som ville dyr

Men etter kvart vart det heile oppdaga, og Oddny og Anton vart i mars 1945 arresterte av tyskarane. Dei vart frakta til Høyanger og gjennomgjekk grov tortur. I eit intervju med NRK i 1994 fortalde no avdøde Oddny Hollevik om den fryktelege torturen.

– Eg var bakbunden og hang i eit tau som var festa i ein krok i taket. Klötzer var heilt svart i andletet av rasieri. Han og ein annan tyskar slo vilt. Etter kvart brukte dei ei gummikølle med jarn i enden. Det var forferdeleg. Dei kunne ikkje ha kjensler i det heile tatt. Dei var som dyr, fortalde ho.

Anton og Oddny Hollevik

VART TORTURERTE: © Hans Hollevik, Oddny f. Saltskår og Anton Hollevik. Dei to sistnemnde vart arresterte av tyskarane 15. mars 1945 etter at nokon angav dei. Begge vart torturerte under avhøyra. Etter ei tid hamna dei i fangeleiren på Espeland ved Bergen. Dei vart lauslatne på fredsdagen, 8. mai 1945.

Foto: Fylkesarkivet / Fylkesarkivet

Vart såra i 1942

Helmut Klötzer var i starten av krigen stasjonert i Bergen, og vart såra i aksjonen mot Tælavåg i 1942. Han vart seinare plassert både i Odda og Årdal, før han kom til Høyanger.

Derifrå styrte han Gestapo i Sogn og Fjordane, saman med nestleiaren sin, Georg Eisswein. Den svarte «Gestapo-skøyta» dei brukte på aksjonane var frykta over heile fylket. Den vart brukt til forhøyr og fangetortur.

Torturkammeret i Høyanger

I hovudkvarteret i Kloumanns allé i Høyanger vart fangane etter mishandling hengde med bakbundne hender i ein krok i taket. Bruk av isvatn vekselvis med intens varme frå ein stråleomn mot hovudet var også ein mykje brukt torturmetode av Klötzer og co.

Ein av dei som fekk store hovudskadar etter denne torturmetoden, var Hans Faleide frå Sogndal. Han arbeidde i fylkesforsyningsnemnda og vart ein viktig kurér for Milorg i fylket vinteren 1945. Etter arrestasjonen vart Faleide svært grovt torturert mellom anna med isvatn og stråleomn mot hovudet. Han døydde like etter krigen av skadane.

Då nederlaget var eit faktum i mai 1945, prøvde Klötzer å kome seg unna. Truleg var han på veg til Førde for å kamuflere seg mellom vanlege tyske soldatar der då han vart arrestert kring Sande i Gaular.

Ekstra brutale på Vestlandet

Krigshistorikar Stein Ugelvik Larsen fortel at Gestapo-folka på Vestlandet var ekstra brutale.

Stein Ugelvik Larsen

Det var viktig for den norske Ap-regjeringa å få eit godt forhold til Vest-Tyskland. Difor vart mange av dei tyske naziforbrytarane benåda tidleg på 1950-talet, fortel historikar Stein Ugelvik Larsen.

Foto: Privat / Privat

– Etter Måløyraidet i 1942 der mange tyske soldatar omkom, var Hitler livredd for at vestmaktene ville starte invasjonen av Norge på Vestlandet.

Difor fekk Gestapo på Vestlandet beskjed om å slå frykteleg hardt ned på all form for motstandsarbeid. Grov tortur, arrestasjonar og hemnaksjonar stod i høgsetet for Gestapo på Vestlandet, seier han.

Det var ein fykteleg brutalitet Gestapo stod bak på Vestlandet, mykje verre enn mange er klar over.

Stein Ugelvik Larsen

Meiner Klötzer slapp for lett unna

Kvifor vart Klötzer og andre torturistar sleppte så raskt fri frå fengsel?

– Vest-Tyskland vart grunnlagt i 1949, og etter dette hadde norske styresmakter tydelegvis behov for eit meir normalisert forhold til landet. Etter 1949 kom amnestia for dei fleste av gestapistane som var dømde til tvangsarbeid på livstid.

Klötzer torturerte ei rekkje nordmenn på det grovaste. Likevel vart han sitjande berre fem år i fengsel. Kva synest du om det?

– Det var ein frykteleg brutalitet Gestapo stod bak på Vestlandet, mykje verre enn mange er klar over. Klötzer slapp for lett unna. Det er det ikkje tvil om.

Vi har ein del av dei vi kallar verstingar internt, og Klötzer passar inn der. Medlemmer av Rinnan-banden, ein del tyske gestapistar og SS-soldatar med norske medhjelparar var i same kategori. Dei stod bak stygg mishandling og tortur.

Erland Pettersen

Ein av verstingane

Historikar og underdirektør ved Riksarkivet, Erland Pettersen, fortel at Klötzer var ein av dei verste torturistane under krigen.

Underdirektør i Riksarkivet Erland Pettersen

- SLAPP FOR LETT: Helmut Klötzer var ein av dei verste torturistane under andre verdskrig, seier Erland Pettersen, historikar og underdirektør ved Riksarkivet. Kvifor Klötzer vart benåda allereie etter fem år, har han ikkje noko godt svar på.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

– Vi har ein del av dei vi kallar verstingar internt, og Klötzer passar inn der. Medlemmer av Rinnan-banden, ein del tyske gestapistar og SS-soldatar med norske medhjelparar var i same kategori. Dei stod bak stygg mishandling og tortur, seier han.

Det finst mange døme på denne type tortur?

– Ja, det gjer dessverre det. Når ein les kva Klötzer og andre torturistar stod bak, går det sterkt inn på ein. Mange leid av mishandlinga livet ut. Dette er det viktig å hugse på no 75 år etter krigsutbrotet.

I tillegg til etterkomarar av dei som vart dømde for landssvik, er det også slektningar etter personane som vart torturerte som kjem til Riksarkivet. Det er mykje vondt å lese, fortel Pettersen.