Hopp til innhold

Torskefiskarar kan tape titals millionar: – Regelrytteri

MÅLØY (NRK): Store deler av vinterens torskefiske kan stå i fare. For Mattilsynet har tatt beslag i 280 tonn agn, på grunn av feil i tollpapira. Fiskarlaget og importøren er i harnisk.

Store deler av vinterens torskefiske kan stå i fare. For Mattilsynet har tatt beslag i 280 tonn agn, på grunn av feil i tollpapira.

STORE TAP: Kvart fartøy i flåten kan tape 10-12 millionar, seier leiaren i fiskarlaget. SJÅ: TV-sak frå Vestlandsrevyen.

Leiar i fiskarlaget i Sogn og Fjordane, Jarl Magne Silden, kallar det eit «tullete vedtak frå nokon som skal ri ein paragraf heilt ut».

– Konsekvensen kan bli at fiskeflåten må liggje stille fordi det ikkje er agn å oppdrive, og store verdiar blir ståande att i havet i Nord-Norge. Det vil også få konsekvensar for landindustrien, seier han.

Bakgrunnen er denne: Domstein-konsernet har importert 13.000 pakkar med blekksprut, nærmare bestemt 280 tonn akkar, som skal nyttast som agn for torskefisket i Nord-Norge. Men, det var ein feil i tollpapira.

Sjølv om feilen i papira er retta, krev Mattilsynet anten at Domstein fraktar akkaren tilbake til Sør Korea for papirendring, eller at konsernet brenner dei 280.000-kiloa med agn.

Jarl Magne Silden

FORTVILA: Jarl Magne Silden fortvilar på vegner av sine medlemmar. Også Domstein-konsernet er svært oppgitt over avgjerda frå Mattilsynet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

10–12 millionar tap per fartøy

Domstein-konsernet i Måløy importerer seks millionar kilo akkar i året, rundt 90 prosent av totalimporten til Norge.

Rolf Domstein

KONSERNSJEF: Rolf Domstein.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Mattilsynet har tydelegvis bestemt seg for å statuere eit eksempel. Konsekvensen er at vi ikkje får eit skikkeleg torskefiske eller eit vinterfiske med dårlegare agn, seier konsernsjef i Domstein ASA, Rolf Domstein.

Akkar blir importert få gonger i året og importmengda tilsvarar det som går ut. Difor er det snart heilt tomt, så lenge dei 13.000 pakkane som har lege i Ålesund i tre månadar ikkje kan brukast. For Domstein kan konsekvensen bli eit tap på 5–6 millionar kroner. For fiskarane kan det bli snakk om langt større summar.

– For autolineflåten frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vil det utgjere 10–12 millionar i tapte inntekter per fartøy. For kystfiskebåtane lenger nord har eg ikkje tal. I tillegg får landindustrien ikkje råstoff til å produsere, og vil li store tap, seier Silden.

Rolf Domstein

LANG VEG: Rolf Domstein peikar og forklarar om den lange ruta akkaren må ta for at papira skal kunne endrast slik Mattilsynet vil at dei skal endrast.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Tek saka direkte til ministeren

Domstein-konsernet har via sine advokatar sendt brev til nærings- og fiskeridepartementet med oppmoding om å gjere om vedtaket, og i tillegg send eit brev direkte til statsråd Elisabeth Aspaker (H).

Malin Florvåg

SEKSJONSSJEF: Malin Florvåg.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Men Mattilsynet held fast på at reglane er klare.

– Denne akkaren skal ikkje inn i Norge. Den må anten sendast tilbake til Korea eller destruerast, seier seksjonssjef Malin Florvåg.

– Dokument og parti må stemme overeins. Det er ikkje høve til å gjere om på papira. Dette må vere korrekt i første runde. Ved denne typen avvisningar kan det få konsekvensar, men regelverket opnar ikkje for denne typen vurderingar, seier Florvåg.

Nærings- og fiskeridepartementet opplyser til NRK at dei nyleg har fått saka i hende, og førebels ikkje kan seie meir enn at dei jobbar for ei rask sakshandsaming.