NRK Meny
Normal

Torsheim: – Eg har ikkje levd forgjeves

FØRDE (NRK): Oddvar Torsheim er sjølvutnemnt stabeis. No har han likevel gått med på å selje ei rekkje av sine fremste verk til Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Oddvar Torsheim saman med Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane

GLADE GUTAR: Oddvar Torsheim var i godt humør då han presenterte gode nyheiter saman med Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg har funne ut at viss eg berre veit kvar eg har dei, så er eg glad. Så lenge dei ikkje er over alle haugar, flirer Sunnfjord-kunstnaren Oddvar Torsheim.

Med det karakteristiske raude skjerfet knytt tett i halsen er han i usedvanleg godt humør torsdag føremiddag. Saman med Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane og avdelingsdirektør Janne Leithe ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum har han tromma saman til ein aldri så liten pressekonferanse.

La 300.000 på bordet til kunstkjøp

For etter fleire år med overtaling og litt logistikkarbeid kan Sogn og Fjordane Kunstmuseum no utvide si samling av verk frå den velkjente multikunstnaren. Frå før hadde dei 18 verk, medan talet på kunstverk kjem opp i over 50 i næraste framtid.

Det er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som gjer innkjøpet mogleg. Dei har lagt 300.000 kroner på bordet for å få meir Torsheim-kunst ut til folket.

– Vi er utruleg glade for at Torsheim får ei velfortent ordning, slik at vi veit at kunsten hans blir i Førde, seier Teigene som er administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Trond Teigene, Oddvar Torsheim og Janne Leite

VIKTIG FOR BYEN: Trond Teigene (til venstre) trur Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde kjem til å få fleire besøkande når dei kan vise fram endå fleire verk av Oddvar Torsheim (midten). Her saman med avdelingsleiar på museet, Janne Leithe.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Kunstnaren let seg overtale

Dei har stått klare med pengane sidan 2012, men har venta på ei god løysing slik at kunsten blir teken godt vare på og stilt ut på ein god måte. Det har no Sogn og Fjordane Kunstmuseum fått på plass.

– Vi hadde berre 18 verk. Det var alt for lite av ein så sentral kunstnar, ikkje berre lokalt, men også nasjonalt, jublar Janne Leithe.

Ho er ei stor takk skuldig til både Sparebankstiftinga for pengane til innkjøpet, men også til kunstnaren sjølv. Han har nemleg ikkje berre vore velvillig til å la andre få ansvar for verka han har brukt tid og kunstneriske krefter på.

– Eg er glad for at dei sparkar meg litt bak. Eg er eit stabeis, så det er bra at andre blandar seg inn, ler Torsheim sjølv.

– Eg er rørt

Sjølv om Sogn og Fjordane Kunstmuseum sikrar seg ei større samling av Torsheim-verk, så blir det ikkje snakk om noko permanent utstilling. Leithe lovar likevel at folk skal få sjå mykje av Torsheim framover.

– Vi viser han oftare i samlingsutstillingane og verka kan også sjåast på Eikaasgalleriet. Eg trur det er ting folk aldri har sett før, så eg gler meg til å sjå publikum sine reaksjonar.

Torsheim er glad han får meir plass på kunstmuseet i heimbyen.

– Det ser ut til at eg ikkje har levd forgjeves. Eg er veldig glad for dette, eg er rørt.

Vegopning på Bergum i Førde kommune