Hopp til innhold

Har stilt ut så mange gonger at han ikkje lenger hugsar talet på det

Når Corner Udstillingen går av stabelen i København er Oddvar Torsheim ein sjølvskriven gjest. No har han vore der så mange gonger at han har kome ut av teljinga.

Inne på Sømandshjemmet Bethel på Nyhavn i København står ein mann med sitt karakteristiske raude skjerf. Oddvar Torsheim er oppstemt og glad. Nok eit år skal han få æra av å vere ein av kunstnarane som får stille ut på Corner Udstillingen.

Oddvar Torsheim

LOKALKJEND: – Eg kjenner kvar ein brustein i denne byen, seier Oddvar Torsheim om København, byen han stadig vender attende til.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Korleis kjem eg meg til Lyngby? spør han resepsjonisten på hotellet som har vore hans faste tilhaldsstad dei siste gongane han har besøkt byen.

Etter å ha fått forklart reiseruta legg han med raske skritt ut i gata. Ting har forandra seg siste åra. Tidlegare låg Corner Udstillingen midt i sentrum av København og det var lett å kome seg dit til fots.

– Eg brukar å seie at eg kjenner kvar ein brustein her i København. Eg budde her jo i seks år på 1960-talet.

Alle rom er tatt i bruk

No må han ta T-bana. Utstillinga som i år samlar 36 kunstnarar frå blant anna Danmark, England, Kina, Frankrike og USA har flytta til Sophienholm. Eit gamalt herskapshus utanfor sentrum av København. Alle rom i huset er tatt i bruk i utstillinga. Drivhuset og den gamle stallen er også gjort om til galleri.

– Eg er spent på å sjå kvar eg har fått plass til bileta mine i år og om dei er fint hengt opp, seier han medan han med raske skritt passerer Akademiet, skulen der han studerte i fleire år og der han lagde sine fyrste litografi.

Oddvars «lille røde»

Ikkje mange minutt seinare har han funne fram til T-banelina som skal ta han vidare. Inne i vogna leitar han fram den vesle raude boka si. I den skriv han det han kallar søndagsnotat og anna viktig info, men sjølv ikkje med hjelp av den klarer han å finne ut kor mange gonger han har vore representert på Corner Udstillingen.

– Eg har vel vore der snart eit halvt hundre år, seier han og ler.

Etter litt fram og tilbake kjem han fram til at han har vore der kvar einaste år sidan ein gong på 1980-talet. Med eit unntak; Det året han braut foten. For det er viktig for Oddvar Torsheim å vere på denne utstillinga.

– Det betyr veldig mykje. Både fordi det er stas å få vere representert på ei så anerkjent utstilling, men også for å treffe igjen gamle vener frå åra mine her i byen. Det er nesten som eit misjonsstemne, seier han og ler.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oddvar Torsheim

LILLE RØDE: Den vesle raude boka følgjer Oddvar over alt. Her har han sine viktigaste notat.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Han legg vekk den vesle raude notatboka. Plutseleg er tankane hans tilbake til teikningane som han skal stille ut.

– Uff, skal tru om det er bra nok? Eg veit ikkje. Kanskje er eg oppbrukt? Av og til føler eg at eg har sagt alt eg kan seie og gjort alt eg kan gjere. Vi får sjå kor det går, vi nærmar oss jo no. Eg trur eg kjenner meg at her.

– Oddvar! Er det deg, gamle ven?

Framme på Sophienholm er det brustein heile vegen fram til herskapshuset. På bakken har det lagt seg eit lite lag med snø. Det er kaldt og litt grått ute, men frå vindauga på huset strøymer det er varmt gult lys og inne skimtar ein bilete på alle veggar.

– Eg stiller ut her, kunne eg fått ein katalog? spør Oddvar i det han kjem inn i entreen.

Oddvar Torsheim og Kjeld Heltoft

GAMLE KJENDE: Gjensynsgleda er stor når Oddvar Torsheim og Kjeld Heltoft møtast.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Ikkje før han har fått den fargerike katalogen med alle årets kunstnarar i hendene høyrer vi ei stemme som ropar.

– Oddvar! Oddvar! Er det deg, gamle ven?

Det er Kjeld Heltoft. Han er ei av eldsjelene på Corner Udstillingen og han stiller sjølv ut nokre av sine maleri. Han fortel at Oddvar sine teikningar har fått plass på ein heil vegg ute i stallen og han viser veg.

– Sjå der ja! Der er dei jo. Denne plasseringa er eg veldig godt fornøgd med, seier Oddvar og ser utover den langstrakte, kvite veggen som står i sterk kontrast til dei mørkebrune gamle bjelkane i taket.

Her har sju av dei nye teikningane hans fått plass. Blant dei er «Eva og Applet», «Vaffel-elskaren« og «Halvhjarte-berar».

– Er det ikkje fantastisk? Han kombinerer ein strek med humor. Det er så få kunstnarar som har humor. Vi reknar Oddvar for ein betydeleg kunstnar som vi er utruleg stolte av å ha her, fortel Heltoft.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oddvar Torsheim, Corner

TEIKNINGAR: I alt sju av dei nye teikningane til Torsheim er å finne i stallen på Sophienholm. Allereie er to av dei selde.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Eit lite stykke fjordfylke

På dei fyrste tre dagane dei har ope kan det kome så mange som 1800 og det kan ein byrje å merke no. Fleire og fleire strøymer inn i dei ulike romma i det enorme gamle huset og inn i stallen til Oddvar.

– Det er ein god strek det der, gjer den deg ikkje glad? Spør ei dansk dame til venninna si.

Skulpturar av Jens-Petter Kellermann

SANDANE: Skulptør Jens-Petter Kellermann har fleire gonger vore på Sandane og henta materiale derifrå til sine små statuar.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Jo, den kunne eg godt tenke meg å ha på veggen, svarar venninna og peikar på «Eva og Applet», men den teikninga er allereie seld.

Det går ikkje så fort når 80 år gamle Kjeld syner Oddvar rundt i utstillinga, men han er grundig. Kvar einaste kunstnar kan han historia til og det syner seg brått at det er fleire impulsar frå fjordfylket representert enn ved Oddvar Torsheim.

Nikolai Astrup er den største inspiratoren til Heltoft og det kan ein tydeleg sjå på maleria hans, meiner han sjølv. Lenger inne i huset, på eit mindre rom kan ein sjå små skulpturar laga av Jens-Petter Kellermann.

– Han har faktisk henta mykje av materialet av skulpturane sine på Sandane, fortel Heltoft, før han viser vegen inn til restauranten.

Intellektuelt eller ”intellektu-ult”

Praten går lett mellom dei to gamle kunstnarane. Stadig kjem det nye til som vil snakke med Oddvar. Også ifrå Noreg. Tidlegare ordførar i Førde, Nils Gjerland, er ein av dei. Plutseleg høyrer vi fleire norske stemmer. Det er utflyttarar frå Førde som bur i København som har tatt turen. Tydeleg stolte av å ha ein frå «heimbygda» representert på den anerkjende utstillinga.

Så er det på an igjen. Fleire kunstverk skal beundrast og diskuterast og Oddvar føl på. Denne gongen ut i drivhuset der den danske kunstnaren Lars Ravn har fått stilt ut sine bilete.

– Ein lærer alltid av å sjå på andre sine verk. Du lagar jo ditt eige uttrykk, men det er viktig med input. Var det intellektuelt det eg sa no eller vart det «intellektu-ult»? Spør Oddvar før han ruslar vidare inne i drivhuset, tydeleg imponert.

– Er det ikkje fantastisk? Lars Ravn klarer alltid å fornye seg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oddvar Torsheim

GJENGANGER: Han har mista talet å kor mange gonger han har fått stille ut på Corner Udstillingen, men ein ting er sikkert; Det er ei enorm glede for Oddvar Torsheim å igjen få lov å setje sitt preg på den anerkjende utstillinga i København. Her med bileta til Lars Ravn i bakgrunnen.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Å vende attende

Ute har det gått frå lyst til mørkt og bussen som skal ta Oddvar attende til sentrum er ikkje mange minutta unna, men han rekk ein siste tur i stallen for å sjå på bileta sine. Han går langs veggen, fram og tilbake og studerer. Stadig kjem folk for å rose han for teikningane han har laga.

– Eg trur det vart bra dette, seier han medan han tek bilete av veggen sin.

Det er tydeleg at det betyr mykje for han. Både det å få stille ut i København og det å få sjå sine gamle kollegaer og vener igjen. Så mykje at han allereie no legg planar for å vende attende.

– Eg trur alltid at i år er siste året, men eg kjenner eg vil meir. Mor mi vart jo hundre, no toler kanskje damene litt meir enn oss karane, men eg vil ikkje gi meg. Eg kjenner det no. Eg håpar eg får halde på nokre år til. Så spørs det jo om eg blir invitert hit igjen også då.

Han knyter det raude skjerfet ekstra godt rundt halsen, opnar stalldøra og går med kanskje litt meir ungdommelege skritt enn før utstillinga mot busshaldeplassen. Like før den gule bussen svingar inn mot det vesle busskuret snur han seg å spør:

– Jau, det vart bra dette. Trur du ikkje?