Hopp til innhold

Torsheim er tilbake i Eikaasgalleriet

Oddvar Torsheim er tilbake med ei fellesutstilling av kunsten til han og dei avlidne venene Ludvig Eikaas og Kjartan Slettemark.

Torsheim tilbake på Eikaasgalleriet

Dei tre sunnfjordingane hadde si første fellesutstilling i Eikaasgalleriet i 2001.

Slettemark gjekk bort i 2008, og Eikaas i 2010.

No er Torsheim att aleine, men premiereklar saman med kunsten til dei avlidne kunstnarvenene.

– Vi var alltid gode vener. Vi krangla aldri, seier Oddvar Torsheim.

Frykteleg kjekt

– Eg gruar meg til mønstringa, men det er frykteleg kjekt når det først er kome på veggen, seier Torsheim.

Kunsten til sunnfjordingane har sett avtrykk.

– Dei er frå Sunnfjord. Men det er ikkje det viktige. Desse hadde vore kunstnarar uansett kvar dei hadde kome frå, meiner Fridtjov Urdal ved Sogn og Fjordane kunstmuseum.

Nysgjerrige

Sjølv om berre éin er att, meiner Oddvar Torsheim at kunsten lever vidare.

– Folk er nysgjerrige. Eikaas og Slettemark har ikkje forsvunne frå medvitet til folk. Eg trur utstillinga vil gå bra.

Sjå TV-innslaget øvst i saka.