Hopp til innhold

Torseth måtte avbryte havkryssing

Sjukdom tvinga eventyrar Ragnar Torseth (67) til å bryte den 640 kilometer lange roturen frå Sogn til Shetland og tilbake.

Eventyraren Ragnar Thorseth er komen til Måløy.
Målet er Shetland, 46 år etter den første roturen til øya i vest.

MÅTTE BRYTE: I natt var det venta stiv kuling i Nordsjøen. Med sjukdom i kroppen valde Ragnar Torseth difor å stå av roetappen mot Shetland. Her kan du sjå TV-saka frå då eventyraren vitja Måløy for å sikre provianter før avreisa.

I går vart Thorseth og båten Brattholm Havila taua inn mot Out Skerries på Shetland. Det melder Sunnmørsposten.

– På grunn av den kulingen som skal kome i natt, vil han ikkje vere ute i havet i den tilstanden han er no, seier filmfotograf og mangeårig ven, Trygve Berge til avisa.

Sjølv om han måtte legge inn årene denne gongen, har han nok av merittar å sjå tilbake på. Thorseth har vore førstemann på Nordpolen, segla jorda rundt med vikingskipet Saga Siglar, samt rodd åleine til Shetland i ein 15-fots færing som 21-åring i 1969.

Eigentleg hadde Torseth slått frå seg sjølivet. Men då Kari omkom i ei drukningsulukke i Thailand romjula 2013, bestemte han seg for å gjennomføre ein ny tur til Shetland. No var planen å ro tilbake.

Turen starta laurdag føremiddag. Måndag låg han for anker på Vikingbanken. Men sjukdom kombinert med dårlege vêrutsikter tvinga Torseth til å avbryt ferda.

– Det går betre med han no, men han registrerte at han ikkje kunne ro og ville ikkje fortsette, seier Berge til NRK.

Kart rotur Shetland