Hopp til innhold

Torsdag kveld hadde han ikkje ein gong 11 mann...

Årdal-trenar Ivan Øy skulle gjerne hatt med seg tre poeng etter sesongopninga i Kristiansund. Men er klar på at han er glad for at dei i det heile klarte å stille lag.

Årdal-trenar Ivan Øy

ER I GANG: - Det kjennest godt at sesongen er sparka i gang, seier Årdal-trenar Ivan Øy.

Foto: Siren B. Svortevik

– På kvelden torsdag hadde eg ikkje ein gong 11 mann. Det har vore ein del sjukdom i laget, i tillegg til at mange jobbar skift. Vi har ikkje ein sjanse til å kjøpe spelarar fri. Vi er i ein annan situasjon enn mange av laga vi skal spele mot, seier Øy.

Utruleg nok var likevel 15 mann på veg nordover fredag kveld.

– Folk kravla seg på beina etter dagar under dyna, seier Øy.

Burde teke poeng

Men trass i fullt lag, klarte ikkje årdølene å matche kristiansundarane.

– Vi slepper inn tre mål på dødball, og det skal ikkje skje. Akkurat no er vi litt slukøra. Vi hadde ballen mykje og skapte mange gode moglegheiter. Vi burde teke poeng. Men no må vi berre justere inn mot neste kamp, seier Øy.

Han vil ikkje sutre over at laget hadde meir enn åtte timar reisetid og 400 kilometer reiseveg kvar veg.

– Det har ikkje noko føre seg. Vi kom til Ålesund seint fredag kveld, overnatta der og var i Kristiansund på føremiddagen. Men det er klart det røyner på. Spelarane våre er i full jobb eller har full skuleplass. Dette er karar som legg ned utruleg mykje for å spele fotball, seier Øy, som heilt klart hadde sett at laget var i ein annan liga.

– Men vi må berre ta det. Vi tek eit hint. Når det er slik dei vil ha det, så er det lite vi får gjort med det, seier Øy.

Førebur seg på å få Stryn på besøk

Han legg til at Kristiansund i utgangspunktet er eit lag Årdal burde klare å hamle opp med.

– Dei er nyopprykka og har fått tilgang til ein del nye spelarar. Men det vi såg i dag, skremmer ikkje oss, seier Øy.

Mentalt er både trenar og spelarar i gang med å førebu seg til neste kamp. Då ventar Stryn heime, laget som sende dei ut i cupen.

– No kjenner vi Stryn og veit kva vi går til. Vi har ting å jobbe med, og det må gjerast nokre justeringar. Men det får vi til, seier Øy.

Brede Stedje Ylvisåker og Truls Hovland stod for Årdal sine mål i kampen.