Hopp til innhold

Torsdag blir desse fjellsidene skiarena

Nokre av verdas beste freeride-køyrarar kjem til Sogndal og markerer starten på årets fjellsportfestival. Men vêret kan bli ei utfordring.

Freestylekøyring på Sogndalseggi

LITEN MANN PÅ STORT FJELL: Det er motiv som dette arrangøren håpar på i Sogndalsdalen til veka. Her er ein freerideutøvar på veg ned Sogndalseggi (til høgre i biletet).

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Vi har vore oppe i fjellet i dag. Det var stabile og veldig bra snøforhold, men det er meldt vind og nedbør. Det blir spennande å sjå kor mykje, seier Roar Erlandsen.

Han er sjef for freeride i Sogndal Frikøyring, gjengen som står bak det som blir sjølve kick off-konkurransen når den årvisse Fjellsportfestivalen går av stabelen i Sogndal.

Roar Erlandsen

FOKUS PÅ TRYGGLEIK: Freeride-sjef under Fjellsportfestivalen, Roar Erlandsen, torer ikkje seie ja til fleire enn 60 deltakarar.

Foto: Privat

– Freeride er ein konkurranse som går føre seg i relativt bratte fjellsider. Ein etter ein utøvar køyrer ned mens dei blir vurdert av eit dommarpanel i fjellsida. Ein ser på heilskapsinntrykk, linjeval, flyt, hopp og så vidare, forklarer Erlandsen.

Må ha ulike fjellsider i bakhand

Arrangøren tek no alle forholdsreglar for at vêret kan bli av det vanskelege slaget.

– Vi jobbar med ulike fjellsider, og må ha alternative fjellsider i alle himmelretningar, slik at vi kan flytte rennet etter vinden. Blir det mykje vind og nedbør, kan det gjere noko med skredfaren, men vi satsar på at dette skal gå bra og har trua. Vêrmeldingane er veldig upresise, seier Erlandsen.

Festivalen startar onsdag med opningsshow. Torsdag er det planen at eit internasjonalt knippe freeride-køyrarar skal kaste seg utfor fjellsidene langs Sogndalsdalen. Blant dei 60 som stiller til start finn ein deltakarar frå mellom anna Frankrike, Spania, Russland Austerrike, Tyskland New Zealand, Sverige og Norge.

– Vi kunne nok hatt 150 deltakarar, men har sett eit tak på 60. Det gjer vi av tryggleiksårsaker. Tryggleiken er veldig viktig. Det kan sjå ut som galimatias dette vi driv med, men det er kalkulert galskap, understrekar freestylesjefen.

Freestylekøyring ned Sogndalseggi

BLIR DØMDE ETTER STIL: Korleis ein tek seg ned fjellsida på ski, har alt å seie i freeride.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

USA og Mellom-Europa

Erlandsen vedgår at skigreina enno ikkje er blant dei som får mest merksemd i Skandinavia, men viser til at sporten etter kvart har fått stor interesse i Mellom-Europa og USA.

– Nivået veldig høgt. Konkurransen her i Sogndal er det øvste trinnet på kvalifiseringa. Neste trinn er World Tour, og mange av deltakarane som kjem er kvalifiserte til touren. Litt av målet vårt er å få vist fram Norge og Sogndal.

– Kva kan publikum vente seg?

– For publikum er dette veldig spektakulært å sjå på. Viss vi må flytte oss til fjellsider som ligg litt langt frå bilvegen grunna vêret, kan det bli litt vanskelegare å ta seg fram, men vi håpar på mykje folk. Dei får stor underhalding, lovar Roar Erlandsen som har med seg om lag 50 personar i arrangørapparatet.