Hopp til innhold

Tørrkoking førte til brann i bustadhus

Naudetatane rykka i dag ut til ein brann i eit bustadhus på Leikanger i Selje kommune. Brannen er no sløkt og alle i huset har kome seg ut.

Brann i Selje

Politiet melde om brannen klokka 15.10.

– Det var ein brann på ein komfyr og den skal vere sløkt. Men det er veldig mykje røyk i huset og vi har ikkje fått inn røykdykkarar til å sjekke eventuell spreiing av brannen, seier Terje Brandsøy ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Dei har ikkje fått tilbakemelding om at det skal vere snakk om personskadar.

Politiet melder halv fire at brannvesenet har sendt røykdykkarar til staden og at det ikkje skal vere fare for spreiing. Brannen skal ha oppstått på grunn av tørrkoking.

Alarmsentralen melder like etter at alle i huset har kome seg ut.