Hopp til innhold

Tørraste november på 119 år

FØRDE (NRK): Den siste haustmånaden går inn i historiebøkene som den tørraste nokon gong på Vestlandet.

Tørr vinter

HUNDRE ÅR: Tørt i vest og vått i aust. Fleire

Foto: Erik Waage / NRK

– No trur eg vestlendingane saknar nedbøren, seier statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl.

Det har vore unormalt lite nedbør i regntunge vest.

No slår Meteorologisk institutt fast at fleire vêrstasjonar sør for Stad kan notere seg for sin tørraste november nokon gong.

Rafael Escobar Løvdahl

TØRT: Det har vore mindre nedbør enn vanleg på Vestlandet. Her viser statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl forskjellen mellom Bergen og Oslo.

Foto: NRK

Slår over hundre år gamal rekord

Spesielt tørt har det vore i Botnane i Førde, der ein 119 år gamal rekord står for fall om to dagar, skriv Firda. Her har Alvhild Botnen målt nedbør i 41 år.

– Det blir mykje lettare å måle når det er mindre nedbør, seier ho og ler.

Heilt sidan 1979 har ho notert målingane som blir gjort inne i Angedalen.

– Til no i november har eg målt 16 millimeter, og til samanlikning målte eg 400 millimeter for to år sidan, seier Botnen.

Lenger sør er det målt 19 prosent av normalen ved målestasjonen på Florida i Bergen.

Alvhild Botnen

ROLEG: Alvhild Botnen i Angedalen i Førde har målt nedbør i 41 år.

Foto: KAIA JOHNSEN VIKI / NRK

No kjem nedbøren

Oslo har hatt dobbelt så mykje regn som Bergen i november, og mange på Austlandet har irritert seg over ein våt haust.

Østafjells har vi klaga over at det har vore så vått, men det er langt frå dei nedbørsmengdene som er normale på Vestlandet, seier statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl.

Forklaringa er at lågtrykka har gått meir sør enn vanleg, men no er det slutt. Alle på Vestlandet som har pakka vekk paraplyen, må finne den fram att.

– Starten på desember vil by på like mykje nedbør som det var i november. Det seier litt om kor tørt det var i november, seier Løvdahl.

Laster Twitter-innhold