Hopp til innhold

Tornado Måløy vann toppkamp

Laudag ettermiddag vart det spelt tre kampar i 3. divisjon.

Tornado Måløy-spelarar kan gle seg over tabelleiing

Tornado Måløy-spelarar kan gle seg over tabelleiing.

Foto: NRK

Tornado Måløy leiar no serien etter at dei vann mot Årdal som ligg på andreplass.

Laget frå Måløy har 25 poeng, medan Årdal har 24. Førde ligg på tredjeplass med 20 poeng. Stryn har også 20 poeng, men har dårlegare målforskjell.

Dette er siste runde før fotball-spelarane tek sommarferie.

Her finn du tabellen for 3. divisjon

Kampane starta klokka 16, og her får du pauseresultat og sluttresultata.

Førde - Høyang

  • 34. minutt: 1-0 ved Bernt Norevik
  • Pause
  • 54. minutt: 1-1 ved Alexander P. Øren
  • 58. minutt: 1-2 Morten Kåre Øen Eriksen
  • 91. minutt: 2-2 ved Gisle Isene
  • Slutt

Det var ein kamp der Førde pressa og hadde hatt overtaket i første omgang. I andre omgang pressa Høyang mykje, men det bølgja fram og tilbake.

Jølster - Stryn

  • 18. minutt: 0-1 ved Kristjan Sigurolason
  • Pause
  • 62. minutt: 1-1 ved Arvid Bakke
  • Slutt

Jamn kamp i første omgang der Stryn hadde dei største sjansane. Jamnt vart det også i andre omgang, men det var Jølster som var nærast ein siger, seier Jarl Helle på Skei stadion.

Tornado Måløy - Årdal

  • 0-0 ved pause
  • 84. minutt: 1-0 ved John Martin Gil
  • Slutt

Det var ein jamn 1. omgang i trykkande varme og det var ikkje det store tempoent. - Tornado Måløy vann til slutt 1-0, og det var ein fortent siger, seier Magne Elde som såg kampen.

Siste kamp i denne runden vert spelt måndag 29. juni. Då får Sogndal 2 besøk av Eid.