Hopp til innhold

Tornado Måløy klatra til topps

Tornado Måløy inntok fredag kveld på nytt tabelltoppen etter 4-1 borte mot Eid.

Der vil vågsøyværingane vere i alle fall til Årdal og Førde har gjort opp seg imellom laurdag.

To mål av Gil

Tornado scora det einaste målet i ein jamspelt førsteomgang i det 36. minutt. Heimelaget ropte på offside då Jon Martin Gil kom åleine mot keeper. Nokre minutt i førevegen kunne Sveinung Frantzen scora frå krittmerket, men straffen gjekk utanfor.

Erlend Nygård Kvalheim serverte Gil ved første scoringa. Etter kvilen tok det tre minutt før han sjølv var på farten og dobla leiinga. Nygård Kvalheim snappa eit tilbakespel og scora enkelt etter å ha runda keeper. I følgje rapportane ropte heimelaget på straffe i situasjonen før scoringa.

Meinte seg feildømde

Gil auka til 3-0 frå straffemerket etter 57 minutt, medan Joachim Raknes Forthun la på til 4-0 minuttet etter. Gjestene frå Vågsøy braut avsparket til Eid og gjekk rett i angrep.

12 minutt før slutt fekk Eid nettkjenning ved Christoffer Hafsås, etter vegegspel med Torbjørn Aabrekk. Ifølgje rapportane var dette ein spelemessig jamn kamp der vertane var usamde i fleire dommaravgjerder. Mellom anna straffa som gav 3-0.

Innbyttar snudde kampen

Høyangerspelarane Morten Kåre Øen Eriksen og Thomas Frichsen.

Serverte kvarandre: Morten Kåre Øen Eriksen (t.v.) og Thomas Frichsen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I Høyanger scora heimelaget tre mål då Høyang og Fjøra delte poenga. Det enda til slutt 2-2, etter at gjestene frå Sogndal leia 1-0 ved pause.

Første scoringa kom etter 42 minutt då Ole Petter Haugstvedt heada ballen kontant i mål. Etter kvilen vart innbyttar Morten Kåre Øen Eriksen spelt igjennom av Thomas Frichsen. Øen Eriksen sende ballen mellom beina på keeper og i mål.

Viktig KIL-siger

Ni minutt seinare serverte Øen Eriksen til Frichsen som la på til 2-1. Jens-Ivar Nilsen utlikna for gjestene kvarteret før slutt.

I botnoppgjeret på Kaupanger tok heimelaget alle tre poenga etter 2-1 over Jølster. Dei scora også først då Bjarte Vatlestad ekspederte eit straffespark i nettmaskene. Åtte minutt før kvilen utlikna Daniel Fluge for jølstringane, medan avgjerda først fall i det 90. minutt ved Severin Rokne.

Topp- og botnoppgjer

Sigeren sende Kaupanger forbi Jølster, til ein niandeplass på tabellen, med ni poeng. Jølster har sju på tredje siste plass.

Laurdag kjempar Årdal og Førde om viktige poeng i toppen, medan det søndag er duka for eit reelt botnoppgjer mellom tabelljumbo Vik og Florø. Sogndal 2 og Stryn avsluttar måndag 10. serierunde.