Øyan er dermed framleis beste sandvolleyballspelar i landet av dei som konkurrerar berre nasjonalt.
Vil satse internasjonalt
Toril Øyan var landets beste sanvolleyballspelar på nasjonalt nivå i fjor, og ligg godt an til å bli bestemann også i år. Ho har delteke i dei fleste av dei åtte turneringane som har vorte spelt og vunne halvparten av dei. Og ikkje berre satsar ho på siger i dei to siste turneringane, samt NM, ho ynskjer også å satse internasjonalt.
Manglar fast makker
Men det er eit stykke fram til dette, for Øyan manglar fast makker. Ho har spelt med ulike partnarar gjennom sesongen, noko som ikkje er heilt optimalt.