Hopp til innhold

– Eg var så nær døden som det går an

Då Torgeir Breilid (41) gjekk frå vorspielet til utedansen, visste han lite om at spaserturen skulle bli hans siste.

Torgeir Breilid

LENKA TIL RULLESTOL: 37 år gamal vart Torgeir Breilid lenka til rullestolen etter ei trafikkulukke i Fresvik i Sogn. – Det blir ikkje slik som før likevel. Eg visste heller ikkje korleis det var å sitje i rullestol, men du blir ikkje sittande og klage. Du venner deg til ein situasjon, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

41-åringen tek imot NRK.no på omsorgsbustaden, som sidan sommaren 2009 har vore heimen hans. Torgeir Breilid hugsar ingenting av ulukka, men datoen sit som spikra i minnet – laurdag 9. august 2008. Trafikkulukka som lenka han til rullestolen, og som vart ei av over 40.000 meldte promillesaker sidan 2008.

På veg til dans med vener, vart folkemengda treft av ein bil. Tre personar vart liggjande skadde att i vegkanten. Breilid kritisk skadd.

– Vi drakk, kosa oss med god mat og hadde det moro. Vi skulle gå til dansen. Så hugsar eg ikkje meir før seks veker etterpå. Då var eg på sjukehus i Førde, fortel 41-åringen.

Ting blir ikkje som før, men du venner deg til situasjonen

Torgeir Breilid

Noko kom bakfrå

Den tidlegare skiftbasen ved Fresvik Produkt i Vik i Sogn dveler ikkje ved ulukka som snudde opp ned på livet hans. Han har kjempa seg tilbake til ein ny kvardag og det som har skjedd, har skjedd. 41-åringen ynskjer å sjå framover.

Tal frå Utrykkingspolitiet viser at det så langt i år er meldt 6.716 tilfelle av ruspåverka førarar, mot 5.973 i same periode i fjor. Dødstala i trafikken går nedover, det gjeld også omkomne i ulukker der rus er medverkande årsak. Statistikk viser likevel køyring i ruspåverka tilstand krev 40-50 liv i året.

Breilid kunne fort blitt del av statistikken denne augustkvelden og ynskjer å fortelje si historie som ei åtvaring.

(Artikkelen held fram under biletet)

Torgeir Breilid

STÅSTOL: Regelmessig må Torgeir Breilid i ståstolen på gangen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Klokka var halv tolv då den kring ein kilometer lange spaserturen tok ei dramatisk vending i Fresvik.

– Eg trur kanskje eg oppdaga noko som kom bakfrå, slik at eg snudde meg. Eg var sikkert ikkje rask nok til å komme meg ut av vegen, og fekk støyten i høgre side, fortel Breilid.

Hasta til Haukeland

Bilen som trefte folkemengda som gjekk langs vegen køyrde vidare. Ein av dei skadde låg att medvitslaus. Breilid var ved medvit, men hugsar no ingenting frå ulukka.

Dei første døgna sveva eg mellom liv og død. Eg var så nær døden det går an, utan at det tippa feil veg

Torgeir Breilid

Med multitraumeskader vart han hasta til Haukeland sjukehus med luftambulanse og lagt rett på operasjonsbordet. Over heile kroppen hadde han store blødningsskader, brot i bekken, ribbein, hofte og rygg, store skader på indre organ, og bløding- og knusningsskader i hovudet.

– Eg hadde så stort blodtap frå dei indre skadane, at det var like før eg blødde i hel. Under operasjonen såg dei også at det gjekk for lite blod til venstre side av hjernen. Legane var veldig spente då dei skulle vekke meg frå koma, fortel Breilid.

Rus i kvar femte dødsulukke

Ulukka var ei av 8.700 promillesaker som vart melde i 2008. Kor mange ulukker og trafikkskadde som skuldast påverka bilførarar eksisterer det ikkje tal for.

På norske vegar reknar ein at 0,2-0,3 prosent av bilførarane har over 0,2 i promille.

Hans Olav Hellesøe

ANALYSER: Hans Olav Hellesøe leier analysegruppa i Statens vegvesen Region Vest.

Foto: Giselle Jensen

Like anonyme er førarane derimot ikkje i statistikken for dødsulukker. Meir fokus frå politiet på promillekøyrarar, fleire tips frå publikum og naturlege svingingar er truleg årsaka til at pila peikar rett veg også her.

Det er ei lita trøyst for Hans Olav Hellesøe, leiar av Ulukkesanalysegruppa i Statens vegvesen Region vest.

– Av 1.409 ulukker frå 2005 til 2011, var ruspåverknad påvist som ei medverkande årsak i 22 prosent av dødsulukkene, opplyser Hellesøe.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Dødsulukker og medverkande faktorar

ULUKKESÅRSAK: Statens vegvesen fann desse medverkande årsaker i 1.409 dødsulukker.

Foto: Tuva Tagseth, grafikk

– Alkohol er farlegast

Analysar av blodprøver frå 677 omkomne bilførarar frå 2001 til 2010 viser at over 40 prosent var påverka av alkohol, narkotika og/eller legemidlar . Ein fjerdedel hadde over straffegrensa på 0,2 promille. Dei aller fleste over 1,0 i promille.

Narkotika over straffbarheitsgrensa vart påvist i 14 prosent av prøvane. Spesielt høg var delen påverka bilførarar som omkom i eineulukker (65 prosent).

– I vanleg, tilfeldig trafikk i Norge, er det fleire som har konsentrasjonar av narkotika over straffbarheitsgrensa eller legemiddel over desse grensene. Men det er alkohol som gir høgast trafikkulukkesrisiko. Difor er alkohol framleis det farlegaste rusmiddelet i trafikken i Norge, seier seniorforskar Hallvard Gjerde ved divisjon for rettsmedisin og rusmiddelforsking hos Folkehelseinstituttet.

Ein av fem skadde er rusa

Gjerde viser til fleire studiar som viser at den relative risikoen for trafikkulukkene blir generelt høgare etter inntak av alkohol samanlikna med dei fleste andre rusmiddel eller legemiddel. Unntaket er kombinasjon av fleire rusmiddel, som også kan gje svært høg risiko.

Ei fersk undersøking viser at ein av fem trafikkskadde lagt inn ved Ullevaal sjukehus var påverka av blandingsrus.

– Årsaka til at alkohol er farlegare enn mange andre rusmiddel, er at alkoholinntak ofte fører til folk vågar å ta større sjansar, medan reaksjonsevna blir svekka. Dette avheng sjølvsagt av mengda alkohol som er blitt innteken, seier Gjerde.

Er sjølvhjelpt

Torgeir Breilid

TRENING: Ved hjelp av ståstolen kunne Torgeir Breilid for første gong reise seg opp i fjor vår.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I dag er ein motordriven rullestol, og to manuelle rullestolar, framkomstmidla til 41-åringen i Vik. Han har rørsle i begge hofter, men dropfoot gjer at han ikkje kan stå oppreist for eiga maskin.

Ved dropfoot heng foten slapt ned grunna skade i nerveforsyninga til muskulaturen som bøyer fotbladet oppover.

Han har aldri spelt fotball sjølv, men to signerte Sogndal-trøyer på veggen signaliserer stor interesse for idretten. Det er i engelske Tottenham Hotspur lidenskapen står sterkast.

På stovegolvet står Viva sykkelen der han kan trene både armar og bein kvar for seg. Vektmanualane ligg i sofaen, medan ståstolen, der Breilid jekkar seg opp i ståande stilling for å tøye sener og muskulatur i beina, er plassert på gangen. Det er ikkje plass til den i omsorgsbustaden.

Eg har innfunne meg med at eg aldri kjem meg til fjells att. Men ein finn andre ting å gjere på.

Torgeir Breilid

– Det er godt tilrettelagt for rullestolbrukarar, men eg ser ikkje føre meg å bli buande her. Eg håpar å kunne få bygt mitt eige, seier han og fortel at er sjølvhjelpt i dag.

11 månader på sjukehus

– Eg har gjort det eg har klart. Det er ikkje vits å gjere det verre enn det er. Eg blir stadig sterkare og i betre og betre form. Det einaste eg eigentleg treng hjelp til er husvasken, seier han.

Breilid var 11 månader på sjukehus før han fekk kome til sin nye heim i kommunesenteret. Dei første vekene etter ulukka vart han liggjande i koma og respirator.

Situasjonen var kritisk dei første døgna.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Promillesaker etter politidistrikt

PROMILLESAKER: Ikkje uventa toppar hovudstaden statistikken over tal meldte promillesaker for 2011.

Foto: Tuva Tagseth, grafikk

Sveva mellom liv og død

– Eg hadde store infeksjonar i kroppen og vatn på lungene, og måtte igjennom dialyse fordi nyrene ikkje fungerte. Dei første døgna sveva eg mellom liv og død. Eg var så nær døden det går an, utan at det tippa feil veg, konstaterer 41-åringen.

Bileigaren i Vik vart ulukkesnatta arrestert, og seinare sikta og tiltalt for mellom anna promillekøyring og aktlaus lekamskrenking. Han nekta straffskuld, men vart dømd i tingretten .

Saka vart anka og ein delt lagmannsrett fann ikkje bevisa sterke nok til domfelling for promillekøyring. Ingen hadde sett mannen verken setje seg inn i, køyre eller gå ut av bilen.

Dømd til erstatning

Ein samrøystes lagmannsrett kom likevel fram til at det var klar sannsynsovervekt for at den tiltalte køyrde bilen, og at køyringa var grovt aktlaus. Føraren vart dømd til å betale 75.000 kroner i oppreisningserstatning til Breilid.

Breilid seier seg ferdig med saka, og seier han ikkje berre noko nag til den som køyrde ulukkesbilen.

– Eg dveler ikkje meir ved domen. Det vil ikkje hjelpe meg. Det som er viktig for meg, er ein meiningsfull kvardag. Eg er mykje ute blant folk, har jobb og så finn ein jo på ting sjølv. Det handlar om å sjå framover, og sjå moglegheitene, seier han.

– Skjønte at noko var gale

Etter tre veker på Haukeland, vart Breilid overflytta til Førde sentralsjukehus. I februar 2009 gjekk turen vidare til opptrening ved Sunnaas sjukehus.

(Artikkelen held fram under biletet)

Torgeir Breilid

VAR NÆR: Torgeir Breilid har ikkje fått psykiske men etter ulukka. – Men når eg høyrer om promillekøyring med fatale følgjer, så tenkjer eg at eg var nær eg også, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Breilid hugsar ikkje sjølv at han opna augo på Haukeland. Første dagen 41-åringen hugsar etter ulukka var midtveges i september. Over ein månad etter ulukka. Kva han tenkte hugsar han ikkje.

Men tanken om at livet rasa saman hadde han aldri.

– Tenkjer ein slik, kan det fort gå gale. Eg har aldri sett slik på det. Ein må sjå moglegheitene, og det ein klarer i staden for omvendt. Ting blir ikkje som før, men du venner deg til situasjonen, seier han.

Drøymer om å gå att

Gjennom Sogneprodukt og NAV er 41-åringen engasjert i jobb på biblioteket. I tillegg går dagane til trening og behandling hos fysioterapeut. Og sosialisering. Førarkortet mista han mellombels på grunn av rørslehemmingane etter ulukka. No ser han fram til å få seg bil igjen.

Oppvaksen på gard, var han vand med fysisk arbeid. Og hunden tok han meir enn gjerne med seg på skog- og fjellturar.

– Fysisk arbeid er jo noko eg aldri kan ha att, det er sikkert. Og eg har innfunne meg med at eg aldri kjem meg til fjells att. Men ein finn andre ting å gjere på, seier han og vedgår at han har ein draum:

Å kunne stå for eiga maskin og ta sine første steg – igjen.

– Eg håpar på det i framtida. Det er ikkje endeleg brot i nervebana til muskulaturen i beina, så det kan vere at dei gror saman att. Men per i dag er eg rullestolavhengig, avsluttar han.