Hopp til innhold

Monsen fryktar lynet skal slå ned i sekken i dag

Når Lars Monsen i dag legg ut på tur i Jotunheimen, fryktar han at varsla torevêr kan føre til lynnedslag i sekken. I verste fall må han og turfølget avbryte turen.

JOTUNHEIMEN: Det er varsla torevêr i fjellområda Lars Monsen skal gå i dag. Om uvêret slår til, kan sendinga bli avbroten.

Eit varsla uvêr kan skape trøbbel for den røynde turleiaren som skal ta seg frå Bøvertun til Sognefjellshytta under Monsen minutt for minutt på NRK.

– Vi er på alerten, og blir det lyn og torevêr rundt oss, så må vi stogge heile greia, seier Monsen.

På måndag herja både torevêr og vind fleire stadar på Vestlandet, noko meteorologane har varsla vil fortsette i indre strøk dei neste dagane. Over heile Sør-Noreg har det vore 6000 lynnedslag det siste døgnet. Monsen er ikkje i tvil om at han vil legge produksjonen på is om vêret slår seg vrang høgt til fjells.

– Dette er ein TV-produksjon der vi har antenner på fleire sekker. Det skal ein ikkje kimse av, meiner han.

Meteorolog: – Ny runde med heftig torêvêr

Eit plutseleg uvêr kom brått på mange i Nordfjord og indre Sogn i går. Utemøblar og telt blei slengt rundt under ei kraftig toretorbye. Meteorologane åtvarar mot at det kan bli ein ny runde med heftig vêr.

– Det blir mykje vêr. Kraftige regnbyer med torevêr kjem over Sogn og Fjordane i dag, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Monsen er klar over at det kan bli ein ruskete start på turen gjennom Jotunheimen. Med seg har han over 50 frivillige som skal gjennom ein tung berejobb den neste veka.

– Det ligg mykje logistikk bak det heile og det er proffe folk i alle ledd. Det blir ein grå start på dagen, men vi kryssar fingrane for at det går bra.

Lars Monsen med følge ankommer Tuva

HAR MED SEG FØLGE: Lars Monsen har med seg over 50 frivillige frå Bøvertun til Sognefjellshytta. Turen startar kl. 11, og det er venta at dei vil vere framme kl.15.30.

Foto: NRK