NRK Meny
Normal

Torevêr gjorde skade i kraftverk

Årsaka til røykutviklinga i Stuvane kraftverk i Lærdal i natt var truleg torevêr.

Skade i taket på Stuvane kraftverk

SKADE I TAKET: Inne i kraftverket er det spor etter at delar har treft taket.

Foto: Knut Skår

Det var klokka 04.11 at det vart meldt om røykutvikling inne i kraftverket. No stadfestar dagleg leiar Knut Skår i Okken Kraft til sognavis.no at torevêret truleg er årsaka.

– Mest sannsynleg har det vore eit lynnedslag i 66-kilovoltslinja. Det har fylgt linja inn i koplingsanlegget i kraftstasjonen. Dette førde til stor røykutvikling som løyste ut brannalarmen, seier Skår til NRK.

Stuvane kraftverk

UTE AV DRIFT: Stuvane kraftverk var ikkje i drift då lynet slo ned.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Han seier at dei har fått eit førebels oversyn over skadane.

– Det vi kan sjå fysisk er at alle måletrafoane i koplingsanlegget ser ut til å vere øydelagde. Men vi veit ikkje kor langt inn i styresystemet det har gått, og det tek litt tid før vi får oversyn over det.

– Ei lukke at det ikkje var drift

Skade etter lynnedslag i Stuvane kraftverk

SLENGT OMRKING: Denne metallbiten låg att på golvet.

Foto: Knut Skår

– Kva fylgjer får dette for drifta?

– På grunn av restriksjonar no i laksesesongen var det ikkje drift i stasjonen, og det kan ha vore ei lukke i denne situasjonen. Sjølve generatorane var fråkopla. Hadde kraftverket vore i drift, kunne skadeomfanget ha blitt langt større.

Etter planen skulle Stuvane kraftverk ha blitt sett i drift att 27. eller 28. august, etter at laksesesongen er over.

Men Skår seier at dersom skadeomfanget er stort vil anlegget bli ståande lengre enn det, og at det i så fall vil føre til tap av inntekter.