Statens vegvesen opplyser at det i løpet av natt til måndag og føremiddagen måndag har kome mange sørpeskred i stigninga opp mot Storehaugtunnelen.
Representantar frå entreprenøren Mesta var på Vikafjellet tidlegare i dag for å vurdere situasjonen. Medan dei var der kom det fleire småskred i dei same løpa.
Ut ifrå ei totalvurdering vart det bestemt å stenge fjellet.
– Før vi kan opne vegen må vi gjere ei ny vurdering av kor mykje snø som har kome ned, og om det ligg meir igjen oppe i fjellsida. Dette vert gjort i morgon, seier Per Ove Fossheim i Statens vegvesen.
Store nedbørsmengder førte måndag morgon til at ei rekkje vegar i Sogn og Fjordane var stengde. Fleire av dei har opna att for trafikk i løpet av dagen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Held vegen til Veitastrond stengd
Heller ikkje fylkesveg 337 til Veitastrond vil bli opna att i dag.
Natt til måndag gjekk det ras ved Bjødnabakken, og entreprenøren sette i gang med rydding i føremiddag. Men dette arbeidet vart avslutta då ein undervegs observerte fleire skred i fjellet inn mot Veitastrond.
Vegvesenet opplyser at det difor vart bestemt at vegen ikkje opnar att i dag. Også her vil det bli gjort ei ny vurdering tysdag.
Fleire vegar som er stengde:
- Fylkesveg 92 mellom Bjordalen og Stordalen er også stengd, her på grunn av fare for ras.
- Fylkesveg 451 Vassenden–Kjøsnes–stengd grunna steinras. Blir ikkje opna att måndag
Fare for vassplaning
Telen i jorda og dei høvesvis store nedbørsmengdene gjer at rasfaren for tida er stor i fylket.
Når vatnet ikkje får trekkje ned i jorda, kan det også føre store mengder vatn inn i vegen. Fleire stader kan det vere fare for vassplaning og bilistar blir oppmoda om å vere merksame på dette.
På E16 Filefjell var det varsla at vegen ville bli stengd mellom klokka 19 og 21 måndag kveld grunna sprengingsarbeid. Men dette blir ikkje noko av likevel, melder Statens vegvesen.