Hopp til innhold

Torde ikkje opne Vikafjellet att for trafikk

Fjellovergangen har gjennom vinteren vore stengt i fleire hundre timar til saman. Søndag førte ras og rasfare til at riksveg 13 over Vikafjellet ikkje vart opna att.

Vikafjellet stengt

STENGT: Vikafjellet vart stengt for trafikk heile søndag.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Vikafjellet 8. april 2018

RASFARE: Det var store parti med tøya vegbane over Vikafjellet søndag, men rasfaren i området er for stor til at vegen blir opna att.

Foto: Statens vegvesen

– Vegen over Vikafjellet blir ikkje opna att i dag. Det blir gjort ei ny vurdering i morgon, måndag klokka 09, sa trafikkoperatør Ove Amundsen ved Vegtrafikksentralen like over klokka 09 søndag morgon.

Like over klokka 08 søndag fekk Vegvesenet inn melding frå ein bilist som hadde møtt på eit snøras i området vest for Storhaugtunnelen. Raset var såpass stort at det dekka vegen, og bilar ikkje kom seg forbi.

Entreprenør vart varsla og køyrde opp i området for å få oversikt over situasjonen.

– Raset som har gått er ikkje så stort, men samtidig som vi fekk melding kunne meldar høyre og sjå bevegelse i snøen i området, sa Amundsen.

Mannskap frå entreprenøren som undersøkte området vurderte rasfaren som for stor til at vegen kunne opne att søndag. Det er også mildvêr i vente.

Riksveg 13 over Vikafjellet er fjellovergangen i Sør-Norge som har vore mest stengt i vinter. Ei oppteljing Vegvesenet gjorde ved utgangen av februar viste at fjellovergangen mellom Vik i Sogn og Vinje i Voss hadde vore stengd i 755 timar – altså over 31 døgn til saman.

For to veker sidan vart ein bil teken av snøskred mellom Storehaugtunnelen og Storesvingen. Det er i dette same området at det gjekk ras søndag.

Full oversikt over stoda på vegane får du på Vegvesenet sine sider.