Hopp til innhold

Torer ikkje ha vegen open i natt

Vatn i strie straumar har i heile dag herja med vegen over Utvikfjellet. No er det så ille at vegen blir stengd. I verste fall kan alt vatnet ta med seg heile fylkesvegen.

Tele og store nedbørsmengder er ingen god kombinasjon. På fylkesveg 60 over Utvikfjellet har dei kjempa i timesvis mot alt vatnet, men jobben er vanskeleg. Frå klokka 21 måndag kveld blir vegen stengd på ubestemt tid.

MÅ STENGJE: I timesvis har ein jobba med å leie vatnet vekk frå fylkesvegen, men arbeidet er vanskeleg. Måndag kveld blir vegen over Utvikfjellet stengd på ubestemt tid frå klokka 21. (FOTO: Runar Sandnes).

Vakthavande i E. Opedal & Sønner Håkon Ekornrud seier det har blitt jobba i timevis for å ta unna alt vatnet på fylkesveg 60 mellom Utvik og Byrkjelo.

Men etter kvart som dei har reinska grøfter og stikkrenner kjem det berre meir og meir vatn.

– Det er frykteleg vanskeleg arbeid dette her. Faren er at heile vegen kan forsvinne, det er det som er problemet, seier Ekornrud til NRK.no ved 20.15-tida.

I samråd med Vegvesenet er det difor bestemt at fylkesveg 60 over Utvikfjellet blir stengd frå klokka 21 måndag kveld. Ein vil gjere ei ny vurdering tysdag morgon, men det er usikkert kor tid vegen kan opne att.

Allereie ved 17-tida måndag ettermiddag varsla Vegtrafikksentralen at overflatevatnet skapte store problem på fylkesvegen. Dei oppmoda då bilistar som hadde tenkt seg over vegen om å heller velje omvegen via Lote-Anda.

– Vi greier det ikkje

Mykje tele i jorda etter ein lang kuldeperiode og store mengder nedbør på kort tid er ingen god kombinasjon. Over heile Vestlandet har vêret ført til problem langs vegane. Fleire vegar har vore stengde grunna ras, rasfare og overflatevatn.

Vegtrafikksentralen meldte måndag ettermiddag at det var så vanskelege køyreforhold over fjellet at bilistar vart oppmoda om å velje ein annan veg.

Trass iherdig innsats frå både menn og maskiner har dei ikkje greidd å gjere noko med dei enorme vassmengdene som strøymer ned langs vegen.

– Vatnet det skal fram. Vi har prøvd å dirigere det, men vi greier det ikkje, seier Ekornrud.

(Artikkelen held fram under biletet)

Store vassmengder på Utvikfjellet

SJAKK: Mannskap vil vere i området utover kvelden og natta og prøver å halde vassmengdene i sjakk.

Foto: Runar Sandnes

Vil prøve å halde det i sjakk

Når mørkret no kjem vil dei ikkje sleppe bilistar over vegen.

– Det som blir farleg er om vatnet grev seg under asfalten, og så kjem det eit vogntog, eller for den saks skyld berre ein personbil, og køyrer seg ut i det, seier Ekornrud til NRK.no.

Han seier at når situasjonen no er blitt som den er blitt, kan det vere at den djupe tela blir det som bergar vegen.

Mannskap vil truleg vere i området ei god stund utover kvelden.

– Vi må prøve å halde dette i sjakk. Vi må syte for at vatnet ikkje får følgje vegen og grøftene, seier Ekornrud og seier dei vil forsøke og demme opp vatnet slik at dei ikkje får herje fritt med vegen over fjellet.

Det skal vere spesielt i området mellom krysset til Breimsbygda og hyttefeltet på toppen av Utvikfjellet det er problem med overflatevatn.

Ras stengjer fleire vegar

Ras og rasfare gjer at både vegen over Vikafjellet og vegen til Veitastrond er stengde. Her vil Vegvesenet gjere nye vurderingar tysdag.

Steinras stengjer også vegen på sørsida av Jølstravatnet, mellom Vassenden og Kjøsnes. I tillegg er fylkesveg 92 Bjordalen-Stordalen stengd grunna fare for ras.

I Naustdal har is og vatn gjort stor skade på Herstadvegen i løpet av natt til måndag. Det som før var ein veg ser no ut som ei elv.