Hopp til innhold

Torer ikkje flytte heim

SLÅTTEN (NRK): Raset stoppa berre meter frå bustadhusa. I den vesle grenda Slåtten i Jølster står fleire hus tomme etter rasa som herja forrige veke.

Sindre Iman

KUNNE TEKE HUSET: Dei store grantrea kunne like gjerne knust heile huset, fortel Sindre Iman.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi tok med oss ungane og sprang.

Sindre Iman og familien budde i eit av husa som no står tomme. Området utanfor ser framleis ut som ei slagmark.

– Det som ein gong var den trygge heimen, er ikkje trygg lenger, seier han.

Familien hadde nett ete middag då det tikka inn ei melding frå naboen. Det var ikkje dekning til å svare. Då sambuaren Marie Slåtten gjekk ut på verandaen for å sjå om ho fekk sendt ho, høyrde Iman ho rope.

– No kjem det ras her og!

Sindre Iman

METER FRÅ LEIKESTATIVET: Raset stoppa fem meter før det drog med seg leikestativet, fortel Sindre Iman. Dei sprang med ungane på på slep.

Foto: Bård Siem / NRK

Dei følte at dei kjempa for livet då dei sprang ut på tunet som var oversvømt. Sambuaren og ungane fekk hoppa inn i bilen til naboen. Sindre Iman sprang for å hente sin eigen.

– Ein anna nabo hoppa inn i bilen min, så kom vi oss vekk, fortel han.

Raset i Slåtten

RASET: Slik ser det ut etter raset losna frå fjellsida.

Foto: Steinar Lote / NRK

Meiner rassikring er naudsynt

Dei sit att med ei tom og ekkel kjensle. Iman spør seg kva som skjer til hausten når regnet kjem, og kva tiltak som eventuelt vil kome.

Sindre Iman

TRUDDE HUSET SKULLE RYKE: Sindre Iman var sikkert på at huset skulle går med i raset.

Foto: Bård Siem / NRK

No bur dei hjå svigerforeldra i Førde og ynskjer at det snart kan vere trygt å reise heim.

– Vi har ikkje snakka om å flytte frå huset vårt, men om det ikkje blir gjort tiltak må vi kanskje vurdere det, seier Iman.

Han seier at det er heilt naudsynt med ei rassikring i området, og håpar at staten vil hjelpe til.

Susanne Håheim fekk filma raset.

Susanne Håheim

FILMA RASET: Susanne Håheim såg katastroferaset.

Må kjennast trygt

Det er fleire som ikkje kjenner seg trygge. Også familien Slåtten har søkt tilflukt ein annan stad. Etter raset dundra forbi huset og knuste vedhuset på garden deira, har dei ikkje kjent seg trygge.

Vedhuset til erlend Slåtten
Foto: Bård Siem / NRK

– Vi flyttar ikkje tilbake med ungane før det er rydda opp og bygd ein skikkeleg rasvoll, seier Erlend Slåtten, som no har teke inn på hytta med resten av familien.

Heller ikkje forelda som også bur på garden har flytta heim igjen.

Sonen Jakob Slåtten (14) filma det dramatiske raset. Han fortel at det både må kjennast og sjå trygt ut før han ynskjer tilbake til huset.

Jakob Slåtten

VIL IKKJE HEIM: 14- år gamle Jakob Slåtten som filma raset vil ikkje flytte heim før det kjennast trygt.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Manglar fire milliardar

Regionsjef i Noregs vassdrags- og energidirektorat, Brigt Samdal seier det er vanskeleg å gi garantiar for sikringar.

– Slåtten er eit av områda vi veit om. Vi har synfart der, og skal få på plass maskiner, seier Samdal.

Brigt Samdal, NVE

JOBBAR MED SAKA: Regionsjef i NVE, Brigt Samdal fortel at dei vil jobbe med aktuelle tiltak.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Måndag denne veka vart det kjent at NVE manglar nærare fire milliardar kroner til tiltak mot flaum og skred. Samdal seier det enno ikkje er klart kva det vil koste å sikre flaumråka stader i Jølster, Gloppen og Førde.

– Vi har jobba intensivt no for å få oversikt over områda, så vil vi gå i gang der vi har utsett busetnad saman med kommunen, for å finne ut kvar det er aktuelt å gjere tiltak, seier Samdal.