Hopp til innhold

Tore utklassa alle i junior-NM

Tore Gjøringbø (Tambarskjelvar) var heilt suveren under laurdagens junior-NM i vektløfting.

Tore Gjøringbø

SUVEREN: Tore Gjøringbø (Tambarskjelvar) var best av alle juniorane i helgas NM i Trivselshagen på Sandane.

Foto: Runar Sandnes

Gjøringbø persa med eitt kilo i rykk og var berre fire kilo frå bestenotering i samanlagten.

I 94-kilosklassa fekk sunnfjordingen opp 129 kilo i rykk og 160 kilo i støyt.

– Stemnet i seg sjølv er eg nøgd med, men eg skulle gjerne vore litt høgare. Eg mangla fire poeng på min personlege samanlagtrekord, seier Gjøringbø.

Sytte for heimegull

Det var Breimsbygda og Brodd, som med god hjelp frå Tambarskjelvar arrangerte meisterskapen i Trivselshagen. I alt 68 løftarar deltok totalt. To tredjedelar av desse i junior-NM.

Robert Andre Moldestad sikra arrangøren den første gullmedaljen då han vann 62-kilosklassen med 65 kilo i rykk og 85 kilo i støyt.

Junior-NM i vektløfting
Foto: Runar Sandnes

Desidert best av alle, og kåra til stemnets beste herreutøvar med 333,52 poeng, var Gjøringbø. Han hadde i tillegg to bom på 170 kilo i støyt.

– Eg har gjort det betre på trening enn eg har fått ut på dei siste to stemna. Teknikken har svikta litt, vedgår han.

Siktar mot EM

Sesongens store mål er junior-EM i oktober. Til neste år er målet å kvalifisere seg for senior-EM.

– Eg har litt større mål enn å vinne juniorgull, humrar han etter å ha tatt eitt nytt steg mot samanlagdsigeren også i Norgescupen.

– Det er to rundar att, og får eg eitt stemne til som dette så trur eg det skal gå greitt å vinne cupen, seier han.

Beste senior

Parallelt med junior-NM løfta også seniorane i Norgescupen. Her vart Jantsen Øverås (Tambarskjelvar) beste senior med 121 kilo i rykk og 150 kilo i støyt. Det gav han 360,86 poeng. Ti poeng meir enn nestemann på lista.

Jantsen Øverås

IMPONERTE: Jantsen Øverås imponerte då han vart kåra til stemnets beste utøvar i Norgescupen på Sandane.

Foto: Runar Sandnes

Ei veke etter senior-EM måtte klubbkollega Sindre Rørstadbotnen ta til takke med andreplass. Han løfta 132 kilo i rykk og 175 kilo i støyt.

– Det er ein stor prestasjon av Jantsen som førsteårs senior å utkonkurrere desse karane i Norgescupen. Han sat med 124 kilo også. Hadde han klart det, ville han vore over EM-kravt til neste år, seier trenar Gunnar Reiakvam.

Knivar om sigeren

Medan Rørstadbotnen og Øverås ligg best an til å sikre samanlagdsigeren i herreklassa, knivar tre utøvarar frå Naustdal om å ta 3.-plassen i samandraget for kvinner.

På Sandane vart Sarah Hovden Øvsthus (Flaktveit) beste kvinnelege løftar med 240,72 poeng. Flaktveit-løftaren tangerte sin eigen norske rekord med 70 kg i rykk. Deretter følgde løftarar frå Tambarskjelvar på dei tre neste plassane.

– Det skal godt gjerast å gjere noko med Øvsthus og Ruth Kasirye, men det er nesten dødt løp mellom Ine, Marit Årdalsbakke og Sandra Trædal i kampen om tredjeplassen, seier Reiakvam.