Hopp til innhold

Tore måtte ha ein plan B då bukkane kom settande ut frå skogen

Då bukkane kom settande ut av skogsfeltet, måtte Tore Røys Nesbakk forsikre seg at han hadde ein stad å evakuere til. – Eg måtte ha ein plan, seier han.

HJORTEN KJEM: Tore Røys Nesbakk stod klar med kameraet då bukken kom ut frå skogen.

– Hjorten er ikkje dyr ein spøker med, så eg måtte sjekke at eg hadde ryggdekning og kunne komme meg vekk. Det er aldri godt å vite kva ein redd bukk kan gjere, seier Tore Røys Nesbakk.

Væpna med berre eit kamera, var planen å springe til eit gardsfjøs like ved.

I staden fekk han ei naturoppleving utanom det vanlege. Frå kring 50 meter fekk han følgje 15-taggaren sine rop etter ei kolle.

– Den var prega av kamp, halt på eine foten. Bak kom bukken han truleg hadde slost med. Ein stor kar, som truleg visste at det ikkje var lurt å gå fram, seier han.

– Forvaltinga nyttar

Johan Trygve Solheim

NYTTAR: Johan Trygve Solheim har fått fleire meldingar om at det blir tettare mellom storbukkane. – Det betyr ikkje at ein skal begynne å skyte dei største, men at ein skal halde fram forvaltinga så det blir fleire storebukkar å sjå, seier han.

Foto: Elias Engevik / NRK

Naturopplevinga i Dalsbotten vald gler Johan Trygve Solheim ved Norsk hjortesenter av fleire grunnar.

– Det er fantastisk å sjå så flotte dyr, men videoen viser også at det nyttar å endre forvaltninga, seier han.

Ifølgje Solheim har det ei tid vore langt mellom dei største brølande bukkane. For mykje fokus på å skyte dei største og beste dyra, har gjeve bukkane i Sogn og Fjordane ein snittalder på fire år.

Sjølvpålagt freding

Solheim seier jegerane er blitt meir bevisste på at genane til dei beste dyra skal få leve vidare. Han har fått fleire meldingar om større bukkar, og meir brøling, enn tidlegare.

– Det fanst store hjortar på kysten også før, og no prøver ein å få opp snittalderen på bukkane. Det er opplagt i forvaltinga at dei beste dyra er att etter jakta, seier han.

Hadde Nesbakk hatt med seg rifla, hadde han fått fire–fem skotsjansar under møtet med hjorten. Men i kystkommunen har Dalsbotten vald, og nabovalda, ei sjølvpåført freding av dei største bukkane. Utanom returbukkane, skyt ikkje Nesbakk større enn titaggarar.

– Som dei aller fleste jegerar, drøymer eg om å felle ein skikkeleg kronhjort. Men eg er vaksen opp med at ein skal ta vare på bestanden. Eg kjenner meir glede av å vite at bukken gjer det den skal i skogen, seier han.

På jakt etter dame

Difor tek Nesbakk like gjerne med seg videokameraet, som rifla, når han går i skogen under hjortejakta.

– Slike opplevingar er heilt fantastiske, seier han.

Ut frå videoen meiner Solheim at bukken er sju–åtte år.

– Den ser ut til å vere i sin beste alder – og på jakt etter dame. Den er halt, truleg etter ein brunstkamp. Det tyder på at det er fleire store hannar i området, seier han.

Blir meir modige

Oktober er månaden for naturopplevingar som Nesbakk fekk. Hjorten blir meir modig, og er både oftare å sjå og høyre.

– Den skal føre genane vidare, og det skjer på naturen sine premissar. Det å skyte bukk i brunst er av det lettaste ein kan gjere, seier Solheim.

– Og det er i oktober mange som bur nær skogen slit med å sove?

– Ja, men det er ei spektakulær oppleving som ein bør nyte. Det er ein attraksjon å sitje på sidelinja å sjå korleis dei held på natt og dag. Det skjer ei kort tid kvar haust, og det er ei oppleving verd.