Hopp til innhold

Tore Andre Flo legg opp igjen

For tredje gong på fire år legg Tore Andre Flo opp som fotballspelar.

Tore Andre Flo

SLUTT: Tore Andre Flo har bestemt seg for å endeleg legge fotballskoa på hylla. - Eg kan ikkje halde på til eg blir dobbelt så treig som resten, gliser han etter pressekonferasen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Saman med Ole Gunnar Solskjær har Tore Andrè Flo vore ein av norsk fotballs største ikon.

Under ein pressekonferanse i dag vart det kjent at Tore Andre Flo legg opp endå ein gong.

– Eg er 39 år no, og har halde på veldig lenge. Eg gler meg til nokre fjellturar i vakre Sogndal og å sjå på fotballen i staden, sa Flo under pressekonferansen.

Tredje gong

Det er tredje gong sidan 2008 at stryningen melder at fotballkarrieren er slutt. Først som spelar for Leeds, så som spelar for MK Dons året etter.

Flo returnerte i fjor sommar til Sogndal og klubben der han scora 29 mål på 50 kampar. Den siste vel veka har han vore i dialog både med klubben og seg sjølv om framtida.

Comebackperioden i Sogndal gav han 508 speleminutt i serie- og cupsamanheng.

– Mitt største idol er Bernt, han fyren i Nissene på låven som alltid kjem att, ler Flo til NRK.no og legg til:

– Så får vi sjå om eg klarer det denne gongen her. Det har vore ei tøff avgjerd, for fotball er det kjekkaste eg veit. Men det er vel på tide no, vedgår han.

Hugsar Marseille

Stryningen har sidan han reiste til Sogndal i 1994 vore innom klubbar i Skottland, England og Italia i tillegg til fleire norske klubbar. Under pressekonferansen trekkjer han fram tida i Chelsea som fantastisk.

Under VM i Frankrike i 1998 scora også stryningen det første målet, og fekk straffa i den legendariske 2–1 sigeren over Brasil.

– Eg hugsar kvelden i Marseille, sa han og ikkje la skjul på at det er mellom høgdepunkta i karrieren.

– Eit førebilete

Jonas Olsson

FØREBILETE: Jonas Olsson.

Foto: Øystein Ølstad Hjetland / NRK

Trenar Jonas Olsson er klar på at veteranen er mellom dei mest lojale spelaren han nokon gong har hatt. Olsson skildrar Flo som eit unikum i norsk fotball.

I Sogndal har den tidlegare englandsproffen måtte sitje mesteparten av tida på benken, medan langt mindre rutinerte spelarar har starta kampen. Olsson meiner det tyder på ein audmjuk Flo.

– Med sin veremåte og sin profesjonelle haldning til sporten, har Tore vore eit førebilete både i norsk og internasjonal fotball, seier Olsson.

– Tøff avgjerd

Sjølv er 39-åringen tydeleg på at tida er rett for eit endeleg avskil med tida som aktiv fotballspelar. Likevel tykkjer han det er vemodig å tenkje på at karrieren no er over.

Tore Andre Flo

SLUTT: Tore Andre Flo set punktum for ei lang fotballkarriere.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Det har vore ei tøff avgjerd, men den er endeleg. Eg ynskjer å gje stafettpinnen vidare til dei yngre talenta i klubben, samstundes som eg vil gje meg før alle spring frå meg, seier han og ikkje angrar på at han gjekk på ein ny epoke med Sogndal.

– På ingen måte. Eg er veldig takksam for at eg fekk avslutte i Norge, og her i Sogndal der eg på ein måte starta den profesjonelle delen av karrieren mi. Det har vore utruleg kjekt, seier han.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Tore Andre Flo si karriere

Klubb

Periode

Seriekampar

Mål

Cupkampar

Mål

Sogndal

2011-2012

22

2

1

0

Milton Keyne Dons

2008-2009

 2 (12)

0

 

 

Leeds

2007-2008

5 (18)

4

0

0

Vålerenga

2005-2007

13 (11)

4

0

0

Siena

2005

47 (16)

13

0

0

Sunderland

2002-2003

23 (6)

4

3 (1)

2

Rangers

2000-2002

44 (9)

29

7 (1)

5

Chelsea

1997-2000

59 (53)

34

13 (7)

4

Brann

1996-1997

40

28

7

5

Tromsø

1995-1996

26

18

5

5

Sogndal

1994-1995

44

21

6

8

Stryn

1992-1994

 

 

 

 

Ekspander/minimer faktaboks

Mundal takkar Flo

– Eg er audmjuk for å ha fått vore med i stallen og dette fantastiske miljøet Sogndal har bygd opp, seier Flo og legg til at han no vil fullføre trenarutdanninga si.

Egil B. Mundal på Fosshaugane

TAKKAR: Egil B. Mundal.

Foto: Arve Uglum / NRK

Også dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, er full av lovord om Flo.

– Visjonen til Sogndal Fotball er å vere utviklingsarena for toppfotball. Vi har mange unge spelarar, og bidraget og læringa dei har fått frå Tore Andrè er uvurderlege for oss som klubb, seier han.

Vil jobbe med fotball

Mundal håpar også at det ikkje er siste gongen Tore Andrè bidreg til toppfotballen i Sogn og Fjordane.

Flo seier at han ynskjer å jobbe innanfor fotballen. Han vil også halde fram med å delt på enkelte Sogndal-treningar.

– Fotball er det eg kan, og fotball er det eg vil jobbe med. Men fyrst og fremst vil eg no nytte tida til familie og fritid, der fjell- og fisketurar skal stå sentralt, seier han.