Hopp til innhold

Tore André Flo klar for Sogndal

Det er no klart at Tore André Flo har underteikna for Sogndal fotball, og kan begynne i eliteserien allereie denne sesongen.

Tore André Flo og Nadya Khamitskaya

SPREK 38-ÅRING: Tore André flo vender heim til heimlege trakter og gjer comeback i eliteserien.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Det er sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Trond Fylling, som stadfestar nyheiten til Sogn Avis.

Tore André Flo skreiv under på Victoria Station i London på tysdag, og den sportlege leiaren fekk papira godkjent av det engelske fotballforbundet i går.

God form

– Han imponerte oss veldig då han trente med oss i januar. Han har vore skadefri i to år no, og kjenner seg i god form, seier Fylling til Sogn Avis.

Den 38 år gamle fotballstjerna vurderar å flytte til Sogndal i sommar, men er speleklar allereie frå i dag.

– Det er fantastisk for Sogndal å få ein slik fotballkapasitet til klubben. Tore André har ein utruleg CV, der han har spelt for toppklubbar i Noreg, England og Skottland. Me er veldig glade for å ha fått dette i boks, seier Fylling til Sogn Avis.

Berre ein formalitet

Kontrakten som blei inngått er berre ein formalitet, i følge Flo. Den måtte bli underteikna før 1. april. Difor er ingenting enno avklart.

- Dette er heilt vilt. Familien vår er inne i ein prosess der me vurderar om me skal flytte tilbake eller ikkje. I løpet av eit par månader har me bestemt oss for om me skal bli her eller ikkje. Eg har ein fotballskule her i England, som eg trivst godt med, seier Tor André Flo til NRK.no.

Ryktene om Flo sin overgang starta då han søkte om barnehageplass for to av borna sine. Men han seier no at dette ikkje betyr at han har bestemt seg for om han flyttar til saftbygda ikkje. Likevel bekreftar han at han vil vere knytta til Sogndal Fotball ved ei eventuell flytting.

- Dersom eg flytter heim er det naturleg at eg vil bidra for Sogndal, men om det blir eit comeback på banen er usikkert.

Flo seier til NRK.no at han må trene seg opp kraftig for å bli klar for norsk eliteserie.

- Eg er 38 år, og har ingen ambisjonar om å ta plassen til ein 20-åring, og akkurat no har eg ikkje moglegheit til å halde eliteserienivå med den formen eg er i.

4 x Flo

Dersom Flo flyttar, vil det bli fire frå Flo-slekta i Sogndal-stallen. Frå før er Ulrik Flo og Per Egil Flo aktive på laget, medan Håvard Flo er no assisterande trenar.

Tore André Flo har ein lang karriere som toppspelar, og har tidlegare spelt for Stryn, Sogndal, Tromsø, Brann, Chelsea, Rangers, Sunderland, Leeds, Vålrenga, MK Dons og italienske Siena.

Eit av dei største høgdepunkta frå karriera er då han i realiteten avgjorde VM-kampen i 1998 mellom Noreg og Brasil. «Flonaldo» uteligna til 1-1 og skaffa Noreg det berømte straffesparket som endte med siger og sendte oss vidare til åttandedelsfinalen.