Hopp til innhold

Tore André blir med eitt år til

Veteranen får mykje av æra for at Sogndal sikrar seg ny kontrakt i eliteserien. No har Tore André Flo bestemt seg for å bli verande eitt år til.

Tore Andre Flo

KLAR: Tore André Flo vedgår at han

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Etter at 38-åringen gjorde comeback på Sogndal etter sommaren har laget klatra på tabellen. Både poeng og tabellmessig har laget hatt litt av ein opptur, skriv Sogn avis.

I snitt tok laget frå saftbygda 0, 86 poeng per kamp før veteranen kom tilbake, og etter returen har det blitt i snitt 1,36 poeng.

Sjølv med 0–0 mot Stabæk i går er det nesten sikkert at laget har sikra seg ein ny sesong i den gjævaste serien. No blir Flo med vidare.

Er ikkje i tvil om at Flo har vore viktig

Avtroppande trenar, Harald Aabrekk er ikkje i tvil om at veteranen har vore viktig for oppturen i haust.

– Det handlar om skjult læring. Tore André er utruleg flink med dei andre på laget, og bidreg med sin unike erfaringsbase. Han kjem garantert til å verta ein veldig bra trenar ein dag. Også spelemessig har han imponert meg, og vore betre enn venta, seier Aabrekk til Sogn Avis.

Medan Flo sjølv er kledeleg beskjeden..

Tore André Flo har fått sju innhopp etter comebacket, og var nære på å sikre 1–0 då Sogndal tok i mot Stabæk heime i går. Men sjølv vil han ikkje ta mykje av æra for at Sogndal har kome seg opp og fram siste tida.

– Eg såg allereie då eg kom at dette laget hadde noko på gang, og at det berre var eit tidsspørsmål før ting ville sette seg skikkeleg, seier han til avisa.

– Kroppen toler det

Flo starta karrieren si i Sogndal heilt tilbake i 1993, og sjølv om han nærmar seg 40 er veteranen klar på at kroppen skal klare å halde seg endå litt til.

– Kroppen har tolt det fint, sjølv om eg har litt å gå på på det fysiske. Før kunne eg ta mange spurtar etter kvarandre, no går den første og andre fint, medan eg må tenkje meg litt om før eg tek den tredje, seier Flo til avisa.

Når han no har bestemt seg for ein sesong til på toppnivå, kjem truleg også resten av familien flyttande frå England.

– Vi har bestemt oss for å prøve dette i eitt år, og sjå korleis det går. Vi er vande med å flytte på oss, og treng ikkje ta ei handfast avgjerd med tanke på framtida. Men håpet er at vi kan slå oss til ro her i Sogndal, seier veteranen til avisa.