Hopp til innhold

Naturleg fyrverkeri i vente dei neste dagane

Redd for torevêr? Då må du krype under dyna og putte fingrane i øyra dei kommande dagane.

uke39 viten VÆR 01.jpg

ELEKTRISK: Torsdag og fredag vil vere lada av toreskrall og heftige lysglimt.

Foto: NTB scanpix / NTB Tema

Onsdag har heile landet kunne nyte godt av herlege sommartemperaturar langt over 20-talet. Dermed har dei mange frustrerte meldingane om godvêr stilna. Men det er berre for ein dag.

– Ute i havet lurer det torevêr ifrå vest og det reknar vi med kjem inn. Men torsdagen startar bra med varmt vêr og temperatur opp mot 20 grader, men så det blir ein dårleg slutt på dagen, seier statsmeteorolog for Vêrvarslinga for Vestlandet, Geir Ottar Fagerli.

Her kan du sjå uvêret time for time.

Tor rir på himmelen

Dermed ein vente seg både kraftige smell og blinkande lynglimt. Det går heller ikkje over med det første.

– Det vil fortsett med regnbyer og det blir framleis veldig varmt og lummert heile fredagen. Temperaturen vil stige opp mot 20 – 22 grader. Det er venta regnbyer med tore heile dagen.

Meteorologen har dystre prognosar også for mengdene med nedbør som vil komme i løpet av dei kommande dagane. Det er ingen god lesnad.

Store mengder nedbør i vente

– Eg såg på akkumulert nedbør frå torsdag til fredag kveld er det venta opp mot 40 – 50 mm dei mest utsette stadane i fylket. Så det blir ein del nedbør, men det blir til gjengjeld veldig varmt med ein tropisk karakter.

Både laurdag og søndag trur meteorologen at det kan bli meir opphald, som er godt nytt til dei mange festivalane og arrangementa som skal avviklast i løpet av helga.

– Førebels er det litt usikre prognosar, men førebels kan det bli ei ganske bra helg i fylket, seier Fagerli.