Hopp til innhold

Torde ikkje gå på audition til Netflix-serie

– Eg tenkte at eg måtte kline med litt folk. Det høyrdest litt skummelt ut så eg takka nei, fortel artisten Eva Weel Skram.

Eva Weel Skram

VÅGA IKKJE: Eva Weel Skram har førebels ikkje prøvd seg som skodespelar.

Foto: NRK

Låtskrivaren og songaren frå Sogndal har gjort stor suksess dei siste åra. Saman med ektemannen har ho gitt ut mange songar og er stadig på turne. For ei tid sidan dukka det opp eit litt anna tilbod, nemleg om å prøvespele for den aller første norske julekalenderen på Netflix.

– Regissøren sende e-post om eg kunne komme på audition for hovudrolla. Noko slikt har eg aldri gjort noko slikt tidlegare, fortel ho.

Blei spurt om song

«Home for Christmas» som er tittelen i Netflix, handlar om evig single Johanne som er lei av dei konstante kommentarena om sivilstatusen sin. Ho legg dermed ut på ei 24-dagars jakt etter ein kjæraste å ta med heim til jul.

– Eg tenkte det kunne vere kjekt, men så fekk eg lese kva den karakteren skulle gjere. Det handlar om ei jente i 30-åra som forstår ho at ho kjem til å bli kasta ut av rommet sitt når ho skal heim til jul fordi søskena har kjærastar og mange born.

Dermed lyg ho og seier at ho har ein kjæraste, Ho må difor ut for å finne seg ein før julemiddagen.

– Då eg leste skildringa tenkte eg at eg måtte kline med litt folk.

Det hadde ho altså ikkje lyst til og takka fordi nei til audition. Ho trur heller ikkje ho hadde fått rolla. Men etter nokre veker fekk ho ein nye e-post.

– Dei lurte på om eg ville skrive ein song til serien. Eg hadde tilfeldigvis laga ein, dei likte songen og så blei den med i serien.

Handlar om å stresse ned

Songen heiter «Falle til ro» og blei skriven etter jula i fjor. Det var etter at ho hadde vore vertskap for første gong i jula.

– Vi reiser så mykje resten av året, og vi fann ut at vi måtte vere heime og heller invitere folk hit. Det blei litt meir stress enn eg hadde tenkt. Difor blei eg sitjande i ettertid og klimpre på det som blei «Falle til ro». Songen handlar om at vi bør dempe presset litt, senke skuldrene og vere i lag.

Gler seg til desember

No gler ho seg til desember. Ikkje berre på grunn av Netflix-serien, men også fordi juleserien «Snøfall» blir sendt om igjen på NRK. Der har ho med songen «Selmas song».

– Første gong «Snøfall» blei sendt, var sonen vår berre eitt år. No er han snart fire, og eg gler meg til at vi skal sjå serien saman.