«Då eg reiste meg, byrja han å skyte alle som stod i nærleiken av meg»

Torbjørn Vereide frå Gloppen berga seg truleg frå kuleregnet, då han gøymde seg i ei hôle under massakren på Utøya.

Torbjørn Vereide

OPPLEVDE MARERITTET: Torbjørn Vereide var ein av fem frå fylket på Utøya.

Foto: NRK

– Vi heldt på å trampe kvarandre i hel då vi sprang ut. Det var full panikk, fortel Vereide til NRK.

Han var ein av fem AUF-utsendingar frå Sogn og Fjordane på den årvisse sommarleiren på Utøya ved Hønefoss. På sekund vart idyllen til eit blodbad.

Trudde det var fyrverkeri

– Plutseleg kom det fullt av smellydar. Vi trudde først at det var nokon som tulla med fyrverkeri eller liknande. Men så vart det plutseleg panikk og vi skjønte at det var pistolskot, fortel Vereide når NRK møter han på Sundvollen der overlende og pårørande er samla laurdag ettermiddag.

Saman med fleire andre sprang Vereide ned i fjæra ved Tyrifjorden der dei freista å liggje så lågt som mogleg i terrenget.

– Skaut alle som stod i nærleiken

– Til slutt kom det ein mann kledd i politidrakt som sa at vi skulle komme ut. Då reiste eg meg, og det var fleire andre som reiste seg. Då byrja han å skyte alle som stod i nærleiken av meg.

– Vi var sikkert 30 folk som stod langs strandsona. Men etter at han hadde byrja å skyte og vi hadde sprunge så var det berre fem-seks att. Han hadde skote utruleg mange skot på kort tid.

– Det var ..., seier Vereide før stemma brest.

Han skjelv i kroppen når han fortel om dei dramatiske minutta på den vesle øya.

Berga av båt

– Korleis har du det no?

– Eg har aldri mista nokon eg kjenner godt før. Då vert det dramatisk å begynne med å miste 85 gode vener på så kort tid. Og å sjå folk bli skotne rett framfor seg. Det er heilt sjukt.

– Korleis berga du livet?

– Ei stund låg eg og fem-seks andre i ei slags hôle nede ved vatnet. Då tenkte vi at han ikkje ville sjå oss. På same tid låg det døde eller såra personar i fleng rett attmed oss. Men vi kunne ikkje gå bort og sjekke pulsen eller noko som helst, for då kunne han komme og drepe heile gruppa.

Berginga for Vereide og dei andre vart ein båt.

– Det kom ein båt som freista å køyre inn til land. Vi var redde for at det kunne vere ein medsamansvoren. Det var ikkje så lett å stole på folk etter at «politiet» hadde komme og skote på oss.

Ransaka båtføraren

Det første Vereide tenkte då dei kom om bord i båten var at dei måtte ransake båtføraren.

– Han hadde ikkje pistol eller noko ting på seg så vi stolte på han. Då vart vi tekne i land, fortel Vereide som er tidlegare fylkesleiar i Sogn og Fjordane AUF.

Blant dei som var i båten, var ingen av Vereide sine nærmaste vener på leiren.

I ettertid har tre andre av dei fem utsendingane frå Sogn og Fjordane komme til rette.

Fylkesleiar Hanne Kristine Fridtun (20) frå Stryn er laurdag ettermiddag framleis sakna.

Ifølgje politiet vart minst 85 ungdommar drepne på Utøya. Sju personar er så langt stadfesta omkomne etter bombeeksplosjonen i regjeringskvartalet få timar før Utøya-massakren.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.