NRK Meny
Normal

Tora (10) reiste 80 mil – og fekk møte idola

ÅRDALSTANGEN (NRK): Over 11 timar på landevegen og over 80 mil var det som måtte til for at Tora Lindquist (10) skulle få oppleve idola sine for første gang.

Marcus, Tora og Martinus

FEKK MØTE: – Det var utruleg kjekt, og heilt uventa, strålar Tora Lindquist etter å ha fått møtt dei store idola, Marcus & Martinus.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Då konserten i Stockholm i slutten av juli vart avlyst på grunn av kaotiske tilstandar, lova pappa Tom å ta Tora med på neste moglege Marcus & Martinus-konsert. Den var i Årdal.

– Det har vore vel verdt kvart eit minutt. Vi kom hit i går kveld utan noko plan for overnatting. Men vi stogga og kjøpte eit telt til 129 kroner på vegen, ler Tom Lindquist.

Spent

Tora (10) og Tom Lindqvist

KØYRDE LANGT: – Det er utruleg kjekt å kunne gjere dette, berre oss to. Resten av familien er heime i Sverige, seier Tom Lindquist som har køyrt heilt til Årdalstangen for at dottera Tora (10) skal få sjå idola sine for første gang.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Men teltet skulle dei sleppe å ta i bruk. Arrangørstaben til Målrock tok godt i mot dei, og hjelpte dei å finne overnatting i ei hytte.

– Eg er kjempespent og kjempeglad. No berre håpar eg det ikkje blir avlyst her også, seier Tora.

Tenåringsidola har denne sommaren over 30 utselde konsertar. Utseld er også konserten til Målrock på Årdalstangen. Her har også arrangørane oppmoda publikum å ikkje møte for tidleg ved inngangen. Allereie før klokka åtte var dei første på plass.

Tidleg i kø

Sara-Andrine Hetland-Lysne og Stine Broløkken

TIDLEG UTE: Sara-Andrine Hetland-Lysne og Stine Broløkken stod fremst i køen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sara-Andrine Hetland-Lysne (11) frå Knapstad utanfor Oslo og Stine Broløkken (14) frå Raufoss kom til Årdalstangen i går kveld.

Ti timar før artistane entra scena i kveld, stod jentene fremst i køen ved inngangen til Meieriparken.

– Vi har sett etter dei og høyrt på musikken deira. Det hadde vore kjekt å fått sett dei, seier Sara-Andrine med eit lurt smil om munnen. Dette blir hennar niande – eller tiande – konsert med Marcus & Martinus. Og det berre siste året.

Har god tid

Marcus Hjelleflat Bjørk

PÅ FLYPLASSEN: Marcus Hjelleflat Bjørk (8) frå Kaupanger var nok ein av få som visste når Marcus & Martinus landa på Haukåsen.

Foto: Christian Blom

Tora og Tom frå Flen, kring ti mil utanfor Stockholm, tek det litt meir med ro. Dei ynskjer seg ein god plass under konserten, men har ikkje hastverk med å stille seg i kø.

Sjølv om det blir første gang Tora får sjå idola sine.

– No skal vi kose oss i timane fram til konserten, seier Tom og fortel at dottera er ihuga fan og følgjer dei norske tenåringsidola både på det eine og andre sosiale medium.

– Eg håpar dei spelar «Light it up», «Elektrisk» og «Girls», legg Tora til.

Det er 14. gang at festivalen Målrock blir arrangert i år. I tillegg til Marcus & Martinus, får festivalpublikumet mellom anna stifte nærare kjennskap til Eva Weel Skram, danske Dizzy Mizz Lizzy, Sondre Justad og DumDum Boys i løpet av helga.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast