Hopp til innhold

Toppturtrend får skulda for auke i skredulukker

JOTUNHEIMEN (NRK): Å gå på topptur i høgfjellet har blitt ein folkesport. No merkar redningsmannskap og hjelpekorps at det blir fleire skredulukker.

Skredøving i Breheimen

MANGE SKARPE OPPDRAG: Luster hjelpekorps har fleire skarpe oppdrag, det vil seie oppdrag der det er fare for liv og helse.

Foto: Henning Hellebust / Røde Kors

– Før i tida hadde det vore heilt utenkeleg at det var skituristar her i byrjinga av mars, men no går folk på ski i fjellet heile vinteren, seier Geir Ove Optun i skredgruppa til Luster hjelpekorps.

Tal frå NVE syner at det så langt i år har vore fem gonger så mykje folk involvert i snøskred som på same tid i fjor. Trenden er heilt klar også over fleire år.

– Det er ein vekst i kor mange som er involverte i snøskred. Vi trur det handlar om toppturar i fjellet har blitt veldig populært, og folk går på toppar ein tidlegare ikkje gjekk på ski, seier Rune Engset, som er leiar i snøskredvarslinga i NVE.

Optun i skredgruppa tenkjer det same.

– Folk står brattare enn før, dei går fleire turar enn før, og dei utvidar sesongen til å gjelde heile vinteren, seier Optun.

Skredøving ved Nørstedalsseter

ØVING. Her held Luster hjelpekorps på med ei skredøving. Hjelpekorpset dekkjer Jotunheimen og Breheimen, og er eit av dei som rykkjer ut oftast til skredulukker her i landet.

Foto: Henning Hellebust

– Folk står mykje brattare enn dei gjorde før

Og det er ikkje berre snøskred som er farleg. Ein annan konsekvens av toppturveksten, er at mange folk skader seg ved fall i fjellet.

– Når folk har fått toppturutstyr står dei mykje brattare enn det som var vanleg før. Vi har mange utrykkingar som handlar om at folk har fått skuldra ut av ledd eller brote ein arm, seier Optun.

Så langt i år har 113 menneske vore involvert i snøskred. Same talet for i fjor er 21. No har det vore mykje meir snø i år enn i fjor, men også om ein ser utviklinga over lenger tid, syner det seg at stadig fleire blir tekne av skred.

Geir Ove Optun

FOLK ER FLINKE: Geir Ove Optun i skredgruppa i Luster tykkjer folk er flinke.

Foto: Hening Hellebust / Røde Kors

Ikkje fleire som mister livet

Sjølv om statistikken til NVE syner ei klar utvikling dei siste åra, og det siste tiåret, var det likevel fleire som omkom i skredulukker for nokre år sidan, enn det er i dag,

Både redningsfolket og skredekspertane trur grunnen til at er at folk har blitt flinkare.

– Vi ser og folk er medvitne på ein heilt annan måte enn før. Vi legg ut skredvarsel på varsom.no, og folk les faktisk det som står der. Dei vel turar ut ifrå kor det er trygt. Det er heilt tydeleg at det hadde vore endå fleire ulukker utan skredvarslinga vår, seier Engset.

Og Optun i Luster hjelpekorps er samd i at det ikkje berre går feil veg.

– Folk er flinke til å ferdast i fjellet, og dei er flinke til å bruke det skredutstyret