Hopp til innhold

Topptrenar nr. 5 i Sogndal

Johann Sigurdsson er teken opp på Norges Fotballforbund si høgaste trenarutdanning.

Stryningen vert såleis femtemann i Sogndal Fotball sitt trenarteam med den høgaste trenarutdanninga i norsk fotball. Anders Giske, Trond Fylling, Torbjørn Glomnes og Stig Nord har alle fullført kurset og kallar seg Trenar III.