Hopp til innhold

Toppscoraren valde Sogndal

Ørjan Hopen (19) signerte fredag avtalen som knyt han til Sogndal dei neste tre åra.

Ørjan Hopen matchvinnar heime mot Brann

HELD FRAM: Ørjan Hopen vart matchvinnar heime mot Brann nyleg. No er han klar for tre nye år i sogndaltrøya.

Foto: Rune Fossum / NRK

Midtbanespelaren som er klubbens toppscorar med sine seks scoringar i år, meiner Sogndal er rette klubben for han også i framtida.

Mellom fire og seks andre eliteserieklubbar har teke kontakt og forhøyrt seg om Ørjan Hopen.

– Det har ikkje vore noko formelt, men eg trur Sogndal er rette staden for meg. Eg har berre spelt 15-16 kampar og treng nok eit par år til på meg, seier han.

Har fått tillit

Ambisjonane på sikt er å spele for større klubbar i Norge, og kanskje også i utlandet. Men førebels er det barndomsklubben sogndølen vil spele fotball for.

– Eg har fått tillit i år, og ynskjer å vere med i startelvaren også neste år for å få god matching i eliteserien. Skulle eg ha gått til ein annan klubb no, så hadde det blitt som å starte på nytt kampen om å spele seg inn på laget. Sogndal er det beste for meg, seier han bastant.

– Ein stabilisator

Både Hopen og sportsleg leiar Trond Fylling seier dei har hatt god dialog i forkant av signeringa.

Fylling er nøgd med å få signaturen til Hopen på kontrakten.

– Han er ein viktig bidragsytar for klubben og har i år vist at han har ein kanongod venstrefot som kan avgjere kampar. Vi ser føre oss han i ei rolle som stabilisator på midtbana. Vi gler oss til å utvikle Ørjan endå meir, seier han.

Stort gjennombrot

Sogndal er opptekne av å ha eit lokalt preg med spelarar frå Sogn og Fjordane.

– Men ikkje minst er denne signeringa viktig ettersom det viser at også i Sogndal skaper vi gode fotballspelarar, seier han.

Hopen har lenge blitt sett på som eit stort talent, men fekk først denne sesongen sitt store gjennombrot. No er han fast i midtbaneleddet til Sogndal.

Med scoringane sine har Hopen sytt for åtte av Sogndal sine 28 poeng. I tillegg var han spelaren som sytte for straffe i uavgjortkampen heime mot Rosenborg.