Hopp til innhold

Vart førespegla tre dagar på sidelinja – no er måltjuven truleg ute for resten av sesongen

I vinter var han aktuell for eliteserieklubben Sogndal. No er sesongen er mest truleg over for Øystein Myrkaskog. Tysdag skal 25-åringen under kniven på Haukeland Universitetssykehus.

Øystein Myrkaskog jublar

UTE: Her jublar Øystein Myrkaskog for eitt av sine 16 mål for Førde i fjor. I år må han truleg sjå resten av sesongen frå sidelinja.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

I fjor scora Øystein Myrkaskog 16 mål for 2. divisjonsklubben Førde. I år er sesongen mest truleg over etter ein seriekamp, og ein omgang i NM-cupen.

Torsdag fekk han beskjed om at han tysdag skal under kniven.

– Det er sjølvsagt kjipt, men eg må bytte eitt leddband og det tek litt lengre tid å gro. Legen på Haukeland rekna litt på det, og meinte at eg kunne nå siste månaden om eg er veldig, veldig heldig, seier 25-åringen.

– Må berre tole det

– Det er slikt som skjer, så eg må berre tole det. No er det ei stund sidan det skjedde, og eg vil berre bli frisk att. Så får det ta den tid det treng, held Myrkaskog fram.

Vikjen sleit med beinhinnebetennelse i treningskampane. I cuptapet for Florø vart han treft av ein motspelar i kneet. Då var håpet å vere tilbake etter tre dagar.

– Slik gjekk det altså ikkje, resignerer 25-åringen som tysdag blir operert ved Haukeland.

Veksande skadeliste

Sidan har Myrkaskog måtte følgje Førde frå sidelinja. Laget som i fjor imponerte i 2. divisjon, har mista fleire sentrale spelarar. Sjølv om laget har henta inn nye spelarar , er skadane dårleg nytt.

For av dei sentrale som er att, er fleire allereie på ei stadig veksande skadeliste.

Øystein Vetti, Johan Wennberg og Harald Oppedal har slite med skader, Eirik Flatjord er ute resten av vårsesongen med kragebeinsbrot. I tillegg gjekk Matias Fjeldal Olsen og debutant Maid Memic av bana med skade i helga.

– Vi hadde kanskje litt tur i fjor, men det ser det ut til at vi får att no. Samstundes har vi ikkje spelt så mange kampar endå, så vi får satse på at det snur seg, seier Myrkaskog.

Jaktar ny spiss

Sportsleg leiar Odd Hagen vedgår at skadelista er langt lengre enn Førde kunne ynskt seg, og at dei no er på jakt etter ein spiss som kan styrke stallen.

I fjor disponerte Førde ikkje mindre enn tre tilnærma målgarantistar i Kristian Fardal Opseth, Christoffer Hafsås og Myrkaskog. Berre sistnemnde er att. Og han er skadd.

– Vi er sjølvsagt veldig glade for å ha Memic på plass fram til medio august, men til no har det vist seg at vi er litt tynne framover på bana. Dette er noko vi jobbar med, seier Hagen.

Siktar mot 2015

Sjølv siktar Myrkaskog seg inn mot sesongen 2015.

– Du har jo lyst til å vere med, men eg innser at det blir ein bonus om eg får spele noko meir denne sesongen. Då er det om å gjere å berre trene godt. Det kjem ein sesong neste år også, seier han.

Myrkaskog er førespegla seks veke på krykke, så like lang tid med opptrening av kneet før han forsiktig kan byrje å trene med ball.

– Men det er veldig viktig å ikkje stresse det for mykje. Eg vil ikkje ta sjansar for å nå den siste månaden av sesongen, seier han.