Politiet sikra seg dei naudsynte bevisa, og kombinert med tilståing frå dei sikta i saka, er det ikkje lenger behov for varetektsfengsling, seier Daae.
Sju personar sikta
Økokrim har gjort store beslag. Foto: Harald Kolseth © NRK
Førebels er sju personar i Selje og Hammerfest sikta i saka. Formelt lyder siktinga på dokumentfalsk og brot på saltvassfiskelova. Det første betyr i praksis at ein har fiska meir enn kvoten av torsk, og så kalla fangsten for uer eller eit anna fiskeslag som ikkje er kvoteavgrensa. Dette vert kalla omskriving.
Vidare går siktinga ut på at ein rett og slett har fiska større mengder fisk enn ein oppgjev til fiskeristyresmaktene. Fiskejukset har eit omfang på om lag fem millionar kroner.
Domstein eig aksjer
Foto: Harald Kolseth © NRK
Ervik Havfiske er det største linefiskereiarlaget i Norge med sine 16 fartøy. I dag har Ervik Havfiske med dotterselskap om lag 200 tilsette. 50 prosent av aksjane er eigd av Domstein i Måløy. I følgje konsernsjef Rolf Domstein veit dei ingenting om det som har skjedd og ønskjer ikkje å kommentere saka.
Fleire kan bli sikta
Dag Styrvold i Økokrim ser ikkje vekk i frå at fleire personar kan verte sikta i saka.