Hopp til innhold

Toppkvalitet på frukta i år

2006 ligg an til å bli eitt av dei beste fruktåra sidan 70-talet. Leiar Olav Sørum i Indre Sogn Forsøksring tek i mot prøver av frukt frå eit stort område, og er svært nøgd med det han har fått inn i år.

Arkiftoto
Foto: NRK

- Solrike dagar med gode temperaturar både i juli og august er hovudårsaka. Desse månadene var dei beste vi har hatt på mange år, varmesummen gjennom sommaren gjer at vekstsesongen blir veldig bra.

- Toppår for alle fruktslag

- Kvalitetsmessig er 2006 mellom dei fire-fem beste åra dei siste 35 åra, både når det gjeld eple, pærer og plommer. Når det gjeld mengde er det litt over middels. Nokre sortar har toppår, medan andre er midt på treet, seier Olav Sørum.