Toppkandidatane sitt trøblete valår
Foto: Fotomontasje

Toppkandidatane sitt trøblete valår

Alvorleg sjukdom, ein dramatisk husbrann og ei fallulukke er noko av det som har sett førstekandidatane frå Sogn og Fjordane på tøffe prøver i den intense valkampen.

Val

Mykje står på spel for politikarane fram mot valdagen 11. september. I Sogn og Fjordane kjempar førstekandidatane om fylket sine tre distriktsmandat og eitt utjamningsmandat.

Kampen om ein plass på Stortinget er knallhard. Med krevjande debattar, medietrykk og reiser fram og tilbake mellom tallause valarrangement fylket rundt.

Samtidig som dei har kniva om veljarane sine stemmer, har fleire av førstekandidatane måtte kjempe tøffe personlege kampar.

Ingrid Heggø smiler lurt

KREFTBEHANDLING: Ingrid Heggø (Ap) valde å leve i ei boble der ho fokuserte på politikken. – For meg har det å vere i jobb, og å ha den bobla der du slepp å tenke på sjukdomen, det har vore heilt fantastisk, har Heggø fortalt til NRK.no.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Gløymde sjukdommen i politikarbobla

Stortingskandidat og førstekandidat for Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Ingrid Heggø, sat i stortingssalen då telefonen kom frå sjukehuset før jul. Beskjeden var brutal – ho hadde brystkreft.

Då partiet var samla til årsmøte nokre månader etterpå var Heggø midt i den tøffaste delen av cellegiftbehandlinga. Mange av partifellane ante ikkje at den profilerte politikaren var alvorleg sjuk. Slik ville Heggø ha det.

– Eg hadde lyst at fylkesårsmøtet vårt skulle handle om politikk. At vi skulle ha fokus på dei gode sakene og resolusjonane vi hadde, og ikkje min sjukdom, har Heggø tidlegare fortalt til NRK.

Med under tre veker att til valdagen får Heggø framleis behandling. Det såg ikkje ut til å hefte ho under debatten mellom førstekandidatane på Leikanger.

Vibeke Johnsen måtte rømma frå brann 2. juli

MÅTTE RØMME FRÅ HUS I BRANN: Vibeke Johnsen (SV) er glad ho hadde øvd seg på å ta ut låsemekanismen på brannstigen, slik at ho raskt kom seg vekk frå det brennande huset. – Når så gale skulle skje, er vi berre så heldige at vi er heile, utan fysiske skader, har Johnsen tidlegare sagt til NRK.no.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Mista huset sitt i brann

Natt til 2. juli vakna SV sin førstekandidat, Vibeke Johnsen, av det ho trudde var kraftig regn på markisa utanfor soveromsvindauget. Men det Johnsen trudde var regn, var knitringa frå flammar på andre sida av huset.

Johnsen måtte gå gjennom svart røyk før ho fekk klatra ned ein brannstige, og kom seg i tryggleik. På det tidspunktet var huset overtent. Mannen hennar, som også var heime, kom også uskadd frå brannen. Ingen av barna var i huset den natta.

Brannen er eit spesielt bakteppe når SV-politikaren står føre si største utfordring i politikarlivet – den intense valkampen. Men Johnsen har vore tydeleg.

– Dei som møter meg i debatt, skal møte førstekandidaten til SV – og ikkje ei som har opplevd brann, sa ho til NRK.no tidlegare i sommar.

Ramla med hovudet først ned i steinkai

Stein Malkenes

SJUKMELD: Stein Malkenes (MDG) vart sjukmeld etter at han fekk seg ein kraftig smell etter ei fallulukke på småbruket sitt. – Det er bra vi er eit parti som ikkje er så oppteken av fasaden, sa Malkenes litt spøkefullt etter uhellet. Han er no i gang att med valkampen.

Foto: privat

Med knappe tre veker att til valdagen gjekk det gale for Miljøpartiet Dei Grøne sin førstekandidat. Stein Malkenes bur på eit småbruk på Naaven i Florø, der det ikkje går bilveg. Dermed blir det mange turar til og frå båten på kaia. Sist veke gjekk han kraftig på tryne.

– Eg ramla med hovudet først ned i steinkaia, og slo meg skikkeleg. Heldigvis gjekk det langt betre enn både eg og legane frykta. Det kunne gått både nase og auge i fallet, seier Malkenes som no er i gang att med valkampen.

Malkenes har måtte avlyse to debattar, blant anna den store debatten med dei andre førstekandidatane på Leikanger. Det verste er å ikkje få prata med veljarane, sa Malkenes om det ufrivillige opphaldet frå valkampen.

– Når du er førstekandidat til Stortinget må du ut og prate med folk. Det er veldig surt at eg no går glipp av moglegheiter til å treffe veljarar, sa listetoppen då.

Britt Dalsbotten

TAPTE I RETTE: Britt Dalsbotten (Frp) hadde håpa å bevise at Sparebanken Vest sa opp på feil grunnlag. I staden må ho betale over 230.000 kroner til sin tidlegare arbeidsgjevar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Tapte rettssak mot tidlegare arbeidsgjevar

Berre dagar før ho vart valt til Framstegspartiet sin førstekandidat i januar, kjempa Britt Dalsbotten sin eigen personlege kamp i retten.

Dalsbotten har vore regiontillitsvald i Sparebanken Vest i Sogn og Fjordane i ei årrekkje, og gjekk til sak då ho meinte ho var sagt opp på feil grunnlag. Frp-politikaren meinte også at banken ikkje la stor nok vekt på ansiennitet eller kvalifikasjonar under nedbemanninga i fjor.

Men Dalsbotten nådde ikkje fram i Fjordane tingrett, og måtte i staden betale over 230.000 kroner til si tidlegare arbeidsgjevar.

– Eg visste på førehand at det var eit sjansespel å ta det til retten, men det prinsipielle i saka var viktig for meg, sa Dalsbotten til NRK.no tidlegare i år.

Hilmar Høl

MÅ TA EIN PAUSE: Hilmar Høl (Ap) fekk ein full sjekk på sjukehuset i Førde etter at kroppen sa stopp tre veker før valdagen. – Heldigvis fann dei ikkje noko gale, seier Høl.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Måtte inn til full sjekk på sentralsjukehuset

Andrekandidat for Arbeidarpartiet, Hilmar Høl, var på veg til eit møte med media i Nordfjord då han sist veke fekk oppleve korleis kroppen sa stopp. Under ein pause på Skei følte han på at alt gjekk rundt, og vart skyssa til legevakta før turen gjekk vidare til Sentralsjukehuset i Førde.

Der vart han liggande i tre netter, og vart sjekka for alt frå krystallsjuke til hjerneslag. Legane fann ikkje noko fysisk gale med han.

– Det er nok kanskje stressrelatert. Det er mykje som skjer i valkampen, så det kan vere eit signal om å ta det litt med ro, seier Høl til NRK.no.

– Eg har fått beskjed om å ta det med ro nokre dagar, men så er eg tilbake i elden igjen.