Hopp til innhold

Toppfotballspelar vedgår å ha selt falske Premier League-billettar

Tidlegare Sogndal-spelar Ørjan Hopen vedgår å ha selt falske kampbillettar. I det siste har Hopen vore på prøvespel i Åsane.

Ørjan Hopen

BETRE DAGAR: Ørjan Hopen i Sogndalsdrakta.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Digitalsport.no

Laurdag skulle Hopen eigentleg ha spelt treningskamp for Åsane, men trekte seg frå troppen. Berre timar seinare vart det kjent at han hadde selt falske billettar til kampar i Premier League, skriv BA, som var den første avisa som omtalte saka.

Laurdag kveld skriv Hopen på Facebook-gruppa «Manchester United billettar» at han beklagar det som har skjedd:

«Først og fremst vil jeg legge meg flat og beklage det som har skjedd på det sterkaste. Har over lengre tid hatt store økonomiske problemer. Dette blir nå tatt tak i av personer som ønsker å hjelpe meg», skriv han.

Vil rydde opp

I Facebook-innlegget skriv Hopen og at no ynskjer å rydde opp:

– Eg ynskjer å få ordna opp med alle, og apparatet rundt meg vil følge opp dette 100 prosent. Håper at vi kan få kontakt med alle det gjeld slik at eg kan få ordna opp.

Det er oppretta ei mailadresse der folk som har blitt lurt vert oppfordra om å ta kontakt.

TV2 skriv at Hopen vart identifisert via Facebook-gruppa, og at mange skal vere fly forbanna på fotballspelaren. Enkelte har betalt mykje pengar for kampbillettar som sidan har synt seg å vere falske.

Både BA og TV2 var seint laurdag kveld i kontakt med Hopen som ikkje ynskjer å kommentere saka ut over det han har skrive på Facebook.

Speleavhengig

Ørjan Hopen har tidlegare stått fram som speleavhengig.

– Fleire gonger var eg midt i eit spel då treninga starta. Då Sogndal ringde, fant eg alltid på ei unnskyldning for at eg ikkje var der. etter kvart vert du god til å lyge, sa Hopen til VG den gong.