Hopp til innhold

Toppbyråkrat åtvarar mot naivitet i Fjord1-saka

Historia om fusjonen mellom HSD og Gaia i 2006, og dagens strid om fusjon mellom Norled og Fjord 1 har fleire likskapstrekk. Toppbyråkrat i Bergen meiner fylkeskommunen må vere merksame.

Fusjonen planlagd i 2006 kan bli ein realitet

INTENSJONEN: Allereie i 2006 var det planar om å slå desse fire selskapa saman. Ein tredje fusjon, mellom Norled og Fjord1, kan realisere kongstanken.

Foto: Fotomontasje

Nær ti år har gått sidan det kommunale busselskapet Gaia og transportselskapet HSD fusjonerte til Tide. I 2007 vart også Det Stavangerske Dampskibsselskap fusjonert inn til det som skulle bli Norled.

Då som no vart det lansert ein visjon om eit stort transportselskap for Vestlandet, styrt frå Bergen.

– Alle kan vere etterpåkloke, men med den eigarfordelinga som det fusjonerte selskapet fekk, så var det kanskje litt naivt å vente og tru at det skulle bli sluttresultatet her, seier seksjonssjef for eigarskap i Bergen kommune, Stein Trengereid.

Følgde råd i 2006

HSD og Gaia fusjonerer

FUSJON: Bergen kommune vart minoritetsaksjonær i det fusjonerte selskapet, og Stein Trengereid meiner kommunen alt i alt kom brukbart ut av salet av aksjepostane i 2008. Og langt betre enn om dei hadde blitt verande til no.

Foto: NRK

For etter ein politisk dragkamp følgde bystyret råda frå HSD og Gaia Trafikk, og vart sitjande med eigarposten på 43 prosent i Gaia. Trass i at eit såkalla indikativt bod frå det britiske selskapet Arriva antyda ein samla verdi av Gaia på vel 400 millionar kroner.

Då sat Dagfinn Neteland ved roret i HSD. No er han konsernsjef i Fjord1 og vedgår at dette er ein gamal kongstanke som no kan bli gjennomført.

– Det er ikkje noko nytt at ein ynskjer å samle dei sterke transportselskapa på Vestlandet til eit stort transportkonsern. Det har vore oppe mange gonger, seier han.

– Har ingenting å tape

Dagfinn Neteland
Foto: Hilde Anita Røyrvik / Fjord1

Prosessen er lik det som i desse dagar skjer kring Fjord1 og Norled. Fylkespolitikarane vurderte å selje eigarposten sin i Fjord1, men fryktar at fusjonsplanane kan forkludre prosessen.

Denne veka vart ei arbeidsgruppe oppretta for å sjå på framtida til Fjord1. Neteland meiner denne vil vise at fylkespolitikarane ikkje har noko å tape, og at ei utgreiing uansett vil synleggjere potensialet i selskapet. Dette vil igjen gi auka verdi om fylkespolitikarane uansett vil selje.

– Det vil vise at det er eit betydeleg potensial, slik vi ser det, og det meiner vi vil vere ein verdiauke for fylkeskommunen om dei vel å selje eller ikkje. Det er vårt klare svar på det, meiner han.

Åtvarar

Reidar Sandal og Åshild Kjelsnes på Sunnfjord hotell

FUSJON: Styreleiar Reidar Sandal i Fjord1 og fylkesordførar Åshild Kjelsnes var begge nøgde etter eit sju timar langt møte om fusjonsplanane denne veka.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Alt tyder på at Sogn og Fjordane fylkeskommune blir ein minoritetseigar dersom fusjonen blir gjennomført, også denne gongen håpar ein i Flora at ein fusjon kan vere det som sikrar framtidige arbeidsplassar i byen.

I Bergen kommune seier Trengereid at politikarane i fjordfylket må vere merksame om dei ynskjer å sikre verdiar og arbeidsplassar gjennom ein fusjon av Fjord1. Sjølve mista dei hovudkontoret til Stavanger, og selde seinare aksjeposten sin i 2008 for 129 milllionar kroner. Salsummen låg noko under det indikative bodet frå 2006, men Stein Trengereid meiner dei alt i alt kom brukbart ut av salet, og langt betre enn om dei hadde blitt verande i selskapet.

Men arbeidsplassane enda opp i Stavanger, seier Trengereid.

– Det gjekk ikkje slik som dei tenkte at ein fekk eit stort Vestlandsselskap og at dette skulle styrast frå Bergen, desverre.