Hopp til innhold

– Vi måtte kaste alt. Det heile er berre svært trasig

Over fire tonn med ferdigpakka kjøt frå Sognalam måtte kastast då straumen gjekk i eit fryselager i Lærdal.

Sognalam blir lasta i Sogndal

FERDIG SLAKTA: Her blir lammekjøtet lasta for vidare transport frå Sogndal til Lærdal før jul. Store mengder kjøt måtte kastast.

Foto: Facebook / Sognalam

Det er bladet Aurlendingen som først fortalde historia om det øydelagde lammekjøtet.

– Vi måtte kaste alt. Det heile er berre svært trasig, seier styremedlem i prosjekt Sognalam, Eldrid K. Grønsberg til Aurlendingen.

200 lam frå Indre Sogn blei i haust slakta for å bli eksklusive, lokalproduserte salsvarer. Men slik skulle det ikkje gå. I løpet av jula eller nyttårshelga gjekk sikringa i kjølelageret på Håbakken i Lærdal.

– Nær alt kjøtet vårt blei øydelagt. Det er litt trasig, det var jo no vi skulle få sal på dette. No må vi vente til neste år før vi får dette ut i marknaden, fortel Grønsberg til NRK.

Hadde håpa på inntekt

For dei ni sauebøndene i Sogn som er med i prøveprosjektet til Sognalam blei det ein trasig start på det nye året. 200 kjøtrike lam på fjellbeite gjennom heile sommaren skulle sikre dei ei ekstrainntekt.

Sett vekk frå ein del fenalår og pølser må heile produksjonen no gjerast på nytt, og Grønsberg lovar at dei ikkje har gjeve opp draumen.

– Vi kan ikkje miste motet. Vi hadde heldigvis forsikring så vi taper jo ikkje økonomisk. Sjølvsagt hadde vi håpa på meirinntekt frå salet, det blir jo ikkje dekka av forsikringa, seier Grønsberg.

Alarmen gjekk ikkje

Også eit parti med hjortekjøt måtte kastast etter å ha vore lagra på same staden der straumen gjekk.

Dei 200 lamma representerte ei samla kjøtmengde på vel fire tonn, og alt dette tina opp og vart øydelagt som følgje av straumkutten til fryselageret.

– Dette var rett og slett eit hendeleg uhell der sikringar slo ut. Alarmen til mobil verka heller ikkje, seier Terje Lokrheim i Håbakken Eigedom AS.