Det er svenske Aftonbladet som melder at duoen skal opptre saman i Melodifestivalen neste år.
Artisten frå Sogndal har allereie blitt lagt merke til av mange svenskar etter at ho i sommar har gjort suksess med låta «Imagine». Her syng sognejenta med svensken Eric Saade som var finalist i fjorårets MGP i vårt naboland.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Christer Björkman, som er MGP-sjef i Sverige, skal ifølgje Aftonbladet først ha vore skeptisk til at Damli Aaberge skulle delta. Han skal ha endra innstilling då det vart klart at det var snakk om ein duett med svensken Erik Segerstedt.
Saman skal dei synge «Hello Goodbye», ein song skriven av Måns Zelmerlöw. Til liks med Damli Aaberge har Segerstedt også ein andreplass frå den svenske versjonen av Idol.
VG har snakka med Aftonbladet sin MGP-ekspert som har stor trua på at Tone Damli Aaberge kan gjere det bra.
– Som duettpartnar har dei stor sjanse til å ta seg vidare. Eg har ikkje høyrt låten enno, men det blir prata om at den skal vere enormt sterk.
– Eg tuppar ho kjem til finalen, men om ho vinn vågar eg ikkje svare på. Ho kjem til å gjere det bra, seier MGP-ekspert Aftonbladet Torbjörn EK til VG.