NRK Meny
Normal

Tone og Tarjei kan bli mest sexy

Skiskyttaren Tarjei Bø og artisten Tone Damli er i finalen og kan bli dei mest sexy nynorskbrukarane i Norge

Tarjei Bø og Tone Damli Aaberge (Montasje)

I FINALEN: Er Tarje Bø og Tone Damli dei best sexy nynorskbrukarane i Norge? Fredag får du svaret.

Foto: Thomas Winje Øijord, Scanpix/Vegard Grøtt, Scanpix

Det er Norsk Målungdom som står bak den heller uvanlege kåringa som skal synleggjere nynorskbrukarane.

Dagleg leiar Anne Straume seier det var jamt under kåringa av finalistane, men at dei no er klare.

– Det var utruleg spennande i Sogn og Fjordane, med mange gode kandidatar. Til slutt var det Tarjei Bø og Tone Damli som fekk flest røyster. Begge er profilerte og dei er to gode kandidatar, seier ho.

32 nominerte i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane er det fylket der det har kome inn flest forslag på sexy nynorskbrukarar. Heile 32 personar var nominerte, mellom dei var Yngvar Andersen, Sylfest Lomheim, Oddvar Torsheim, Eli Kari Gjengedal og Ronny Brede Aase.

Kåringa skjer i samband med språkåret 2013. Det er medlemsavisa til Norsk Målungdom, Motmæle, som har dratt i gang kåringa.

I første omgang var det avstemming i dei 14 fylka det kom inn forslag til kandidatar. No er det kåra to finalistar i desse fylka. Bø og Damli må konkurrere mot mellom anna Odd Nordstoga, Stein Torleif Bjella og Hadia Tajik.

– Det har kome inn over 4000 stemmer på internett og 400 på Twitter. Eg tykkjer det er veldig bra, seier Straume.

Vinnarane klare fredag

No gler Anne Straume seg til å kåre dei endelege vinnarane. Ho er med i juryen saman med Kristina Sæterdal som er i landsstyret for Norsk Målungdom.

– Vi skal også få på plass ein mann i juryen. Fredag reknar vi med at den meste sexy nynorsktalande kvinna og mannen i Norge er klare til å bli presenterte. Vinnarane får heider, ære og eit diplom, fortel ho.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser