Hopp til innhold

Tone måtte fjerne blogginnlegg

Tone Damli Aaberge frå Sogndal har for tida ein av Norges ti mest populære bloggar. Men då ho byrja selje t-skjorter av seg sjølv fekk ho Forbrukarombodet på nakken.

Tone Damli Aaberge.

Tone Damli Aaberge sitt blogginnlegg vart fjerna etter at Forbrukarombodet påpeika at det kunne vere ulovleg.

Foto: EMI

I tre dagar reklamerte pop-prinsessa frå Sogn for ein t-skjortekonkurranse på bloggen sin, men etter at Forbrukarombodet meinte det var ulovleg vart blogginnlegget fjerna, det skriv VG.nett.

- Kan risikere økonomiske følgjer

På bloggen sin bad Damlie Aaberge om at fansen skulle ta bilete av seg sjølve i ei t-skjorte med bilete av ho på. Dei innsendte bileta skulle bli publiserte på bloggen og innsendarane kunne vinne mellom anna signerte plater og plakatar.

Men føresetnaden for å delta i konkurransen var at ein måtte kjøpe ei t-skjorte med bilete av Tone på. Det kosta 270 kroner i tillegg til frakt på 95 kroner.

Då VG viste nestleiar Bente Øverli i Forbrukarombodet loggen meinte ho blogginnlegget kan vere eit alvorleg lovbrot som kan få alvorlege følgjer om ikkje det vert fjerna.

- Dette er ikkje ein marknadsføringsmetode ein kan bruke, det vil rammast av marknadsføringslova. I verste konsekvens kan ho risikere økonomiske konsekvensar, seier Øverli til VG.no.

Oppmoding retta mot born

Øverli viser til paragraf 20 i marknadsføringslova som seier at ein ikkje kan kome med direkte oppmodingar til born og unge om å kjøpe annonserte produkt.

Bente Øverli

Nestleiar i Forbrukarombodet Bente Øverli.

Foto: Bjørn-Eivind Årtun

- Ein ting er å bli lokka til å vere med i ein konkurranse, men det er den direkte kjøpsoppmodinga vi reagerer på, seier ho.

Ho seier vidare at det kan diskuterast kor vidt dette er ei oppmoding retta mot barn, men seier at ein popartist som har mange fans under 18 år lett vil komme i strid med forbodet.

- Etter mi meining er det ingen tvil om at forbodet er brote, konkluderer Øverli.

Fjerna innlegget

Tone Damli Aaberge sin manager, David Eriksen, ante ikkje at bloggen var ulovleg då han vart gjort merksam på av VG på tysdag.

Evenrud og Eriksen

Manager David Eriksen (t.h) seier dei berre hadde gode hensikter med blogginnlegget.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

- Vi har berre hatt gode hensikter med dette. Meininga har ikkje vore å selje t-skjorter, men å sysselsetje fansen litt, skape bevegelse på bloggen og gjere det til ei hyggeleg greier, seier Eriksen til VG.

Eriksen seier vidare at dersom blogginnlegget er ulovleg vil det bli fjerna.

Og tre minutt etter at avisa snakka med Eriksen var blogginnlegget på sida fjerna.