Hopp til innhold

No skal også Tone synge med KORK i Operahuset

Tone har i siste liten fått tilpassa ei svært travel førjulstid, slik at ho får oppfylt ønsket om å stå på scena med Kringkastingsorkesteret i Operahuset på Nordfjordeid i november.

Tone Damli

KLAR FOR KORK: Tone Damli blir ein av artistane som skal synge med Kringkastingsorkesteret i Operahuset på Nordfjordeid i november.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Dermed blir den største musikalske kjedisen frå Sogn og Fjordane også ein del av stjernelaget som får synge med det store orkesteret i november.

Frå før er Eva Weel Skram, Olav Stedje, Sigrid Moldestad, Thea Hjelmeland, Iselin Solheim, Odd-Erik Lothe og Good Time Charlie klare for konsertane.

Blir med laurdagen

– Vi er veldig glade for at Tone blir med på konsertane. Ho er ein fantastisk artist som vi meiner er viktig å ha med i ein konsert der vi skal vise fram det beste fylket har av artistar. Det seier prosjektleiar for konserten Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.

Han legg til at det er viktig å merke seg at Tone Damli berre blir med på dei to konsertane KORK gjer på laurdag. Dette skuldast det travle programmet Damli har før jul.

Eit stort løft

Kringkastingsorkesteret er heile landets symfoniorkester, med ein heilt spesiell plass i hjarta til mange nordmenn. Med sitt varierte repertoar er dei nok også det orkesteret du ser og høyrer oftast på tv og radio.

Dette er den aller første gongen dei besøker Sogn og Fjordane, og det gjer dei med over 60 musikarar.

– Vi har jobba i fleire år for å få KORK til Sogn og Fjordane. At vi no har lukkast, og har fått så mange gode lokale artistar på laget er utruleg kjekt,. Dette blir eit stort løft og ganske unikt, seier Sjursen Takle.

Fest for fylket

Kringkastingsorkesteret skal gjere tre konsertar for oppmot 1500 store og små i Operahuset på Nordfjordeid. I tillegg får over 1000 elevar oppleve generalprøvene til festkonserten som ein del av den kulturelle skulesekken.

Besøket til Kringkastingsorkesteret er eit av dei største arrangementa som er med på å markere at Sogn og Fjordane fyller 250 år i 2013.

Fylkeskommunen er også den største økonomiske støttespelaren saman med sposorane Sparebanken Vest, Fjord1, SFE og Sunnfjord Geosenter. Billettsalet til konsertane er alt i full gang på operahuset sine nettsider.