Tone fortvila over topplaus-bilete

Bilete av ei ferierande og topplaus Tone Damli Aaberge er spreidde på internett. Sogndalsjenta er fortvila.

Tone Damli Aaberge.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

Ho og venninnene var på ferie på Aiya Napa på Kypros.

- Vi sola oss lettkledde og tenkte ikkje at det skulle få så store konsekvensar, seier Tone til vekebladet Her og Nå.

- Patetisk

Ho er spesielt fortvila over at venninnene hennar og er kome med på bileta.

- Heretter er eg nøydd til å ta forholdsreglar. Det er patetisk at folk gidd å bry seg med slikt. Eg trudde eg var fri no som eg endeleg hadde ferie.

Mobiltelefonen stolen

Tone Damli Aaberge har og vore utsett for at nokon stal mobiltelefonen hennar og truga med å spreie innhaldet på nettet.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.