NRK Meny
Normal

Snart tomt for vatn på Malakoff - Røde Kors åtvarar mot dehydrering og heteslag

Strålande vêr gir ei fantastisk ramme for Malakoff-festivalen på Nordfjordeid denne helga. Men vêret gjer også at det snart er tomt for vassflasker. Festivalleiinga må gjere ekstratiltak i kveld.

Irene Bonsaksen Hagås og Ingunn Bonsaksen på Malakoff

SIKRA SEG: Irene Bonsaksen Hagås og Ingunn Bonsaksen har sikra seg vatn i den steikande varmen på Malakoff.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– No nærmar oss vi 10.000 flasker her, så det går veldig på vatnet no, seier Arild Åshamar, dagleg leiar i Nordrikk.

Første Malakoff-festival vart arrangert i 2003. Frå under 1000 besøkande første året, har festivalen vakse til over 20.000 besøkande i fjor. Festivalen har også ein av landets største festivalcampar.

Godt over 10.000 menneske besøkte festivalen fredag, og den suksessfulle festivalen er allereie utseld.

I år er det steikande varmt. Mellom klokka 21 og 24 laurdag kveld melder yr.no 23 grader, og tilnærma vindstille. Det har vore mange grader varmare i løpet av dagen, og det har tært på vassbehaldninga.

Faktisk så mykje at Nordrikk har måtta nytte lageret for neste helg.

Siste palle med vatn

– Vi har heldigvis teke opp varene som skal til Utkantfestivalen neste helg, så vi tek litt av det, og så bestiller vi opp att på nytt etter helga. Så vi har litt reserve, seier Åshamar.

– Vi tok med mykje meir vatn enn i fjor, men likevel har det gått tomt, seier Sten Johnsen i Nordrikk.

Han fortel at dei faktisk aldri har hatt med så mykje vatn, og at det aldri har skjedd før at dei har gått tomme for vatn. I ettermiddag var det ei palle att.

– Vi får håpe det held. No har vi ikkje meir enn det som står inne på kjølelageret.

(Artikkelen held fram under biletet)

Siste palle med vatn på Malakoff

SISTE PALLE: Dette er den siste pallen med vatn frå Nordrikk. No gjer festivalleiinga ekstratiltak for å skaffe fleire.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi har bra kontroll

Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal seier det er ekstremt varmt inne på festivalområdet, og nesten ikkje vind. Han fortel at dei har måtta gjere ekstratiltak i ettermiddag for å sikre nok vassflasker til folk på festivalområdet.

– Vi låner litt frå Utkantfestivalen, og låner vi litt ekstra vatn på campen. Vi låner og litt av matvarekjedene når dei stengjer no i kveld, så vi fiksar dette, seier Naustdal.

Festivalsjefen forsikrar at dei har kontroll.

Arnt-Ivar Naustdal

KONTROLL: Det finst kraner, og i kveld skaffar festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal ekstra vatn frå campen og butikkar.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det er sjeldan slike problemstillingar oppstår i Sogn og Fjordane. Men vi har ekstra kraner og bra med vatn. Vi gjer tiltak slik at alle som treng vatn og treng å kjøle seg ned får det, seier han.

Dessutan finst kraner på festivalområdet, fortel han.

– Så det er ikkje krise. Det er eigentleg eit luksusproblem, men vi tek det på alvor. Det er viktig å få i seg nok vatn, spesielt i samband med at folk også drikk alkohol. Det går vi rundt og minner folk på at dei skal gjere.

Fare for dehydrering

Anita Vik er administrativ leiar i distriktsrådet for hjelpekorpset i Sogn og Fjordane. Ho åtvarar mot varmen.

– Det er fare for dehydrering og alvorlege heteslag når det er så varmt, seier Vik.

Deira jobb er å passe på at dette ikkje skjer.

– Vi ser etter at alle er oppegåande og ikkje ligg å søv i sola. Vi vekker dei, slik at dei kan kome til seg sjølve. Vi tilbyr dei drikke og tilbyr dei skugge.

Ho seier at den ekstreme varmen kombinert med alkohol kan vere skummel.

– Alle må vere forsiktige, men spesielt dei som er berusa, og dei som berre har drikke alkohol og ikkje vatn, seier Vik.

Så langt har dei likevel ikkje opplevd store problem.

– Vi har hatt ein del folk som har følt seg dårlege på grunn av varmen, men ingen fullt utvikla heteslag, seier Vik.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå