Hopp til innhold

Tommy Øren gjer comeback!

Sogndallegenda Tommy Øren er tilbake på fotballbanen komande sesong.

Tommy Øren anno 2000

LEGENDE: Her jublar Tommy Øren etter å ha sikra opprykket mot Vålerenga i år 2000.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Ifølgje haugenfotball.no skal 34-åringen spele for Fjøra i fjerdedivisjon.

– Han har ikkje gløymt det, teknikken, blikket og avslutningane sit endå, seier sportsleg leiar i Fjøra, Jan Rune Årøy, etter å ha sett Øren på trening den siste tida.

Sogndal-legende

Då berre 30 år gamle Tommy Øren bestemte seg for å legge opp i 2010, var det ei Sogndal-legende som la skoa på hylla.

For det gjorde han etter å ha vore avgjerande for opprykket til Sogndal den sesongen, med scoring i den avgjerande kampen mot Fredrikstad:

Det var ikkje første gongen årdølen redda Sogndal. Som 20-åring sikra han opprykket heilt mot slutten av den legendariske kampen mot Vålerenga:

Stortilbod frå utlandet, men blei i Sogndal

Tommy Øren spelte i Sogndal frå 1997–2005. Etter tre år i Ham Kam kom han tilbake, men det vart med opprykket i 2010. Han fekk totalt 309 kampar og scora 90 mål for Sogndal. Han spelte mange landskampar på aldersbestemte landslag, men det blei med ein for seniorlandslaget.

Øren hadde fleire tilbod frå utlandet. I 2010 kom det fram at Sogndal sa nei til eit bod som var "betydeleg større enn 45 millionar kroner", summen Leeds betalte for Eirik Bakke. Han kunne også gått til Monaco samstundes som John Arne Rise.

– Dei ringde meg, men han takka ja og eg takka nei. Så kan jo folk sjå korleis karrierane våre har blitt. Eg følte ikkje at eg var klar og treivst godt i Sogndal. Det gjer eg enno, sa Øren hausten 2010, før han altså la opp same år.

Det har ikkje lukkast NRK å få tak i tidenes venstrekant for ein kommentar. Men Fjøra er svært glade for comebacket.

– Det er veldig kjekt å få han med. Det er eit kjempeløft. Han er med for fullt no, og ei veldig viktig og god tilførsle på trening og i miljøet, seier