Hopp til innhold

Tommy klarte å halde igjen innbrotstjuv til politiet kom

Bareigar Tommy Husa i Florø rykte ut då alarmen gjekk søndag morgon og oppdaga at innbrotstjuven framleis var i lokalet.

Tommy Husa Centrum Bar

RYKTE UT: Tommy Husa klarte å halde igjen innbrotstjuven til politiet kom og henta han.

Foto: privat

– Eg fekk telefon om lag klokka halv ti frå vaktselskapet om at alarmen var gått. Eg rykte ut for å sjå kva som gjekk føre seg og då eg kom fram så var eine inngangsdøra open. Då eg kom inn i lokalet, så ser eg at inngangsdøra til Centrum Bar er knust og at det er ein person inne på kjøkenet, fortel Husa til NRK.

Han klarte å halde roen på situasjonen og fekk raskt kontakt med mannen som hadde slått seg gjennom det tjukke glaset i inngangsdøra.

Brå start på dagen

– Eg ropte og spurte om det var nokon der, og så kom vedkomande fram så seg eg fekk sjå han. Vi hadde oss ein prat, så blei politiet kontakta, så tok dei sak derfrå. Det gjekk stille og roleg føre seg, eg måtte ikkje bruke makt, seier bareigaren.

– Kva tenkjer du om det som skjedde?

– Det var jo ein brå start på 3. juledag, og det er jo i jula vi legg grunnlaget for året som kjem. Det er dei vekene som gjer at vi kan halde ope heile året. Det er jo kjedeleg når slikt skjer. Det er ganske mykje skadeverk og det kostar ein del pengar å få ordna dette, særleg på slike dagar.

Opnar som vanleg i kveld

Operasjonsleiar Per Rimmen i politiet stadfestar at innehavaren av ein bar overraska innbrotstjuven i dag tidleg.

– Mannen blei teken hand om og sit i arresten, men vi veit førebels ikkje om noko er stole, seier Rimmen.

For Tommy Husa er det no viktig at dei får fiksa den øydelagde døra innan dei skal opne att i kveld.

– Vi har glasmeister på veg med ny rute. Vi satsar på å opne klokka 18 som planlagt.