Hopp til innhold

Tømmerstokkar skapar fare på vatnet

Eit halvt år etter raset i Skredestranda, ligg det framleis store mengder tømmerstokkar langs og i Hornindalsvatnet.

Etter raset i Skredestranda ligg det framleis enorme mengder tømmer i Hornindalsvatnet.

– Det må fjernast. Det kan ikkje liggje slik, seier Rolf Kobberstad på Grodås Camping.

Store tømmerstokkar ligg langs heile Hornindalsvatnet, noko som gjer han uroa. Raset i Skredestranda for eit halvt år sidan tok med seg enorme massar ut i vatnet. Framleis ligg det mykje tømmer overalt.

– Det som skjer er at det vil flyte rundt på vatnet, og då er det vindretninga som heile tida avgjer kor det hamnar. Så det vil liggje å flytte på seg om det ikkje vert gjort noko snart, seier Kobberstad.

(Artikkelen held fram under bilete)

Tømmer i Hornindalsvatnet

OVERALT: Slik såg det ut kort tid etter raset. Når vatnet er stille ligg tømmeret langs strandsona rundt heile vatnet. Verst er det inne i Grodås.

Foto: Rolf Kobberstad

Fare for båttrafikken

Båttrafikken er stor her om sommaren, og det drivande tømmeret kan vere livsfarleg. Det var Fjordingen som først skreiv om faren.

– Det er direkte farleg. Plutseleg kan ein møte på og smelle i ein stokk når ein er ute i båt. Det er ikkje sikkert du ser den heller. Mesteparten ligg som regel under vatn, forklarar Kobberstad.

Grunneigarane må rydde

Tømmer i Hornindalsvatnet

MYKJE TØMMER: Dette bilete er også teke i vinter. Noko har dei klart å rydde, medan resten framleis ligg rundt og i vatnet.

Foto: Rolf Kobberstad

Ryddejobben vil koste fleire hundre tusen. Ansvaret ligg hjå dei tre grunneigarane som eig der raset gjekk.

Dei har søkt Statens naturskadefond om erstatning for tapt skog og opprydding, men vil likevel ikkje klare å få dekka heile beløpet som krevst for ryddinga.

Marit Anita Skrede er ein av grunneigarane. Ho er fortvila over at det no er dei som sit med heile ansvaret.

– Vi har mista mykje hogstmoden tømmer. Vi får rett nok erstatning for det vi har mista, men det står ikkje heilt i stil med det vi må betale for å få fjerna det som ligg rundt om i vatnet, seier Skrede.

– Det er fortvilande. Vi er små og hjelpelause opp i dette, seier ho.

(Artikkelen held fram under videoen)

Det er dei tre grunneigarane som eig der det rasa som har ansvaret for å rydde opp att.

SJÅ VIDEO: Grunneigar Marit Anita Skrede fortel korleis det er å sitje med ansvaret for ryddejobben etter skredet.

Kan ikkje bli liggande

Ordføraren i Hornindal kommune, Anne-Britt Øen Nygård, seier dei jobba lenge med å finne kven som var ansvarlege.

Anne-Britt Øen Nygård

SER FÆLT UT: Ordførar Anne-Britt Øen Nygård.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Om kommunen eller andre vel å rydde opp det som har hamna på sine eigedomar, må dei igjen be grunneigarane om betaling for arbeidet.

For det er berre dei tre grunneigarane som kan få erstatning for tapet og oppryddinga etter raset i november.

– Det ser fælt ut slik det er no, og det kan ikkje bli liggjande slik. Eg trur at mange kvir seg på å begynne å rydde dette på grunn av manglande utstyr, seier Øen Nygård.

No ventar Kobberstad på at vatnet igjen skal bli trygt for dei som ferdast her.

– Det som må skje no er at det må ryddast, og det ganske fort. Det skulle ha vore gjort for lenge sidan då vatnet var mindre, men no må ein ta tak i det, seier han.