NRK Meny
Normal

– Framlegget om ein kommune i Sogn og Fjordane for nytt og radikalt

Fylkesrådmannen sine planar om å samle heile fylket til ein kommune vart ikkje møtt med stor entusiasme blant fylkespolitikarane.

Tore Eriksen

FOR RADIKALT? Fylkesrådmann Tore Eriksen konstaterer at fylkespolitikarane ikkje beit på framlegget hans - i denne omgang iallfall.

Foto: Oskar Andersen

Fylkesrådmann Tore Eriksen har lansert ideen om ein såkalla Oslo-modell, der alle dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane blir ein kommune. I dag skulle politikarane i fylkesutvalet diskutere framtida for fylkeskommunen.

Men politikarane var lunkne i utgangspunktet, og dei vart ikkje særleg meir begeistra utover i debatten. Den einaste som var med på å greie ut ein slik modell var Nils P. Støyva, som er gruppeleiar for Arbeidarpartiet.

– Eg vil ha ei utgreiing fordi eg synest modellen er spennande for Sogn og Fjordane. Vi kunne sjå primærkommunane i samanheng med fylkeskommunen og på den måten vere med på å sikre Sogn og Fjordane som eige fylke i tida framover.

– Men dei andre partia var ikkje spesielt lystne på dette?

– Nei, dei meinte dette var ein heilt urealistisk modell. No kom ikkje dette opp til avrøysting heller. Vi samla oss om ei anna utgreiing for å sjå dei kommunale og dei fylkeskommunale oppgåvene i samanheng. Det vart det store kompromisset etter lang debatt.

Fylkesutvalet

TOMMELEN NED: Fylkesrådmann Tore Eriksen (til høgre) fekk ikkje politikarane i fylkesutvalet med på sitt framlegg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Bastant modell

Støyva trur at Oslo-modellen ikkje er lagt heilt død. Han trur den vil dukke oppatt i det utgreiingsarbeidet som no skal ta til.

Gruppeleiar Noralv Distad (H) var mellom dei som vende tommelen ned for ideen til fylkesrådmannen.

– Det ville vere heilt umogeleg om vi skulle starte eit samarbeid med kommunane med ein slik bastant modell i utgangspunktet. Og det vil overraske meg mykje om dette får tilslutnad i kommunane. Men det er sjølvsagt ikkje utelukka.

– For radikalt og nytt

Fylkesrådmann Tore Eriksen konstaterte at politikarane landa på eit vedtak som han karakteriserte som mindre målretta enn det han lanserte.

– Men eg reknar med at ein også kan sjå på mi løysing i det generelle vedtaket som er gjort. Men det spørst om kommunane vil vere med på dette.

– Kva synest du om mottakinga av og debatten rundt framlegget ditt?

– Framlegget om ein kommuneorganisasjon i Sogn og Fjordane er såpass radikalt og såpass nytt at det er vanskeleg å gå rett på det. Men det kom tydeleg til uttrykk at mange oppfattar det som eit friskt innspel.

Vegopning på Bergum i Førde kommune